National Park på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
National Park
Waimarino (Māori)
National Park jarnvegsstasjon.
National Park jarnvegsstasjon.
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand
Manawatu-Wanganui
Ruapehu
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)

240
Koordinatar 39°10′25″S 175°23′50″EKoordinatar: 39°10′25″S 175°23′50″E
Høgd over havet 825 m
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Plassering
National Park på New Zealand is located in New Zealand

National Park er ein liten by på det sentrale vulkanplatåetNordøyaNew Zealand. Staden er også kjend som National Park Village, og er den høgstliggjande urbane busetnaden på New Zealand på 825 m.o.h.. Som namnet tyder på, grensar han til verdsarvsstaden Tongariro National Park, den første nasjonalparkn på New Zealand, oppretta i 1887. Mot vest ligg Whanganui National Park. Frå byen er det storslått utsikt til Mount Tongariro, Mount Ngauruhoe (Domedagsberg i filmtriologien Ringdrotten) og Mount Ruapehu[1].

Byen ligg ved jarnveglinja North Island Main Trunk og nær krysset mellom hovudvegane New Zealand State Highway 4 og 47, midtvegs mellom Raetihi ogTaumarunui og 45 km sørvest for sørbreidda til Lake Taupo. Det er ein køyretur på 20 minuttar til det største skisportsområdet i landet, Whakapapa og 50 minuttar til Turoa, skisportsanlegget i hellingane til den aktive vulkanen, Mount Ruapehu.

Turisme er hovudnæringsvegen med 1500 gjestesenger i kommersielle og private hytter.

Om sommaren er staden ein populær inngangsport til nasjonalparkane Tongariro og Whanganui for fotturar, terrengsykling og kajakkpadling. Om vêret tillet det, går det dagleg transport frå National Park Village til Tongariro Alpine Crossing, kjent som ein av dei beste dagsturane i fjellet på New Zealand.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg hadde busetnaden namnet Waimarino (stille vatn). I 1926 gav jarnvegsselskapet New Zealand Railways stasjonen namnet National Park. Dette var for å unngå forveksling med andre stadar med samme namn, dessutan var namnet alt kome i vanleg bruk på grunn av nærleiken til Tongariro National Park.

Då jarnvegslinja Main Trunk Line vart opna i 1908, skapte dette gode tilhøve for tømmerhogst og bygging av sagbruk i dei store skogområda, og 30 sagbruk med tilhøyrande transportvegar kom i drift i området. Då beltetraktorar vart tilgjengelege i 1930-åra, auka hogsten, og stasjonen i National Park hadde ein av dei største lasteplassane for tømmer på New Zealand. I dag er Tongariro Timber den siste sagbruksverksemda i drift ved National Park.

I 1960-åra var National Park endestasjonen for alt tungt utstyr og maskineri for kraftutbygginga i Tongariro (Tongariro Power Scheme Development), og lokale grusvegar vart betydeleg oppgraderte for å ta seg av tungtrafikken.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]