Bugøynes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bugøynes
stad
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Sør-Varanger
Folketal ca. 200  (2023)
Postnummer 9935 Bugøynes
Kart
Bugøynes
69°58′22″N 29°38′34″E / 69.972777777778°N 29.642777777778°E / 69.972777777778; 29.642777777778
Wikimedia Commons: Bugøynes

Bugøynes (finsk/kvensk Pykeijä, nordsamisk Buođggák) er ein stad og det einaste fiskeværet i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke. Det bur om lag 200 personar i Bugøynes.

Bugøynes vert òg gjerne kalla «Vesle-Finland» (Pikku-Suomi). Den lokale forfattaren Alf Salangi har omtalt henne som «Pikku-Finland».[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bygda vart folkesett av finske innvandrarar på 1800-talet. Finsk er eit språk som enno er i dagleg bruk i bygda, men etterkvart er det berre blitt eldre folk som snakkar bugøynesfinsk.[1]

Bugøynes er ein av få stader som unngjekk å verte nedbrent av tyske soldatar då dei trekte seg tilbake frå Nord-Troms og Finnmark under den andre verdskrigen. Staden er derfor prega av tett trehusbusetnad. Bugøynes kapell vart innvigd i 1989.

Då fiskebruket vart seld på tvangsauksjon i 1989, averterte folket heile bygda til sals i dei største avisene i landet. Det var eit rop om hjelp. I den seinare tida har kongekrabben vorte ein viktig ressurs for bygda, og har snudd pessimismen til optimisme. Her finst òg slipp og steintak for Statens hamnevesen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Berg, Anne Mari Rahkonen (6. januar 2020), «Da nesten alle Bugøynes-væringer var finskættede», NRK (på norsk bokmål), henta 7. januar 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]