Nesseby kyrkje
| Nesseby kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Finnmark | ||
| Kommune | Nesseby | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
| Prosti | Indre Finnmark | ||
| Sokn | Nesseby | ||
| Fellesråd | Nesseby | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Arkitekt | Christian Heinrich Grosch | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 1858 | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Sitjeplassar | 250 | ||
![]() Nesseby kyrkje 70°08′42″N 28°51′38″E / 70.1449°N 28.8606°E | |||
| Wikimedia Commons: Nesseby kirke | |||
Nesseby kyrkje er ei langkyrkje frå 1858 i Nesseby kommune i Finnmark. Byggverket er i tre og er bygd med 250 plassar.[1] Arkitekt for kyrkja var Christian Heinrich Grosch.

Dette er den andre kyrkja på staden, den fyrste var gamle Kiberg kyrkje som blei flytta til Nesseby i 1746. Denne kyrkja blei rive da noverande kyrkje vart reist.
Kyrkja blei ståande uskada under nedbrenninga av Finnmark og Nord-Troms under andre verdskrigen.
Delar av inventaret er gåver til kyrkja gjevne på 1600-1700 talet og noko er frå andre kyrkjer. Altartavla er i barokk og frå gamle Kiberg kyrkje. I midtpartiet er det måla ei framstilling av nattverden og ho er omkransa av to store utskorne figurar. Altartavla er frå rundt 1720 og laga av bilethoggaren Georg Christoffer Schauer.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nesseby kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Nesseby kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
