Indre Finnmark prosti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesseby kyrkje
Foto: Margrethe Store
Sirbmá kapell
Foto: kirkenorge.no

Indre Finnmark prosti, nordsamisk Sis-Finnmárkku proavássuohkan, er eit tenestedistrikt i Nord-Hålogaland bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Karasjok. Prostiet svarar til kommunane Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger og Tana i geografisk utstrekking. Med ei utstrekking på 25 520,2 kvadratkilometer er Indre Finnmark prosti det største i Noreg.

Prostiet vart oppretta 1. april 1991 etter ei større omorganisering av prestegjelda i Finnmark. Prestegjelda vart skildeut frå Alta prosti, Hammerfest prosti og Varanger prosti og samordna i eitt samisk prosti. Nyorganiseringa har ført til ei styrking av samisk kyrkjeliv i Sápmi. Forvaltningsspråket i prostiet er nordsamisk. Gudstenestene og alle kyrkjelege handlingar vert haldne på både nordsamisk og norsk. Det vert stilt krav om at prestane som arbeider i prostiet skal kunne samisk, men ein eigen kyrkjetolk syrgjer for omsetjing til samisk.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Indre Finnmark prosti[endre | endre wikiteksten]

Karasjok kommune[endre | endre wikiteksten]

Kautokeino kommune[endre | endre wikiteksten]

Tana kommune[endre | endre wikiteksten]

Nesseby kommune[endre | endre wikiteksten]

Porsanger kommune[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]