Levajok fjellkyrkje
Utsjånad
| Levajok fjellkyrkje | |||
| kyrkje | |||
Levajok fjellkyrkje Foto: Illustratedjc | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
| Prosti | Indre Finnmark | ||
| Sokn | Polmak | ||
| Fellesråd | Polmak og Tana | ||
| Stad | Levajok i Tanadalen | ||
| Type | langkyrkje | ||
| Arkitekt | sokneprest Kåre Kvammen og borettleiar O. Hunsdal | ||
| Innvigd | 9. søndag etter treeining, 19. august 1973 | ||
| Kyrkjegard | Nei | ||
| Døypefont | Messingfat laga av Henrik Ellefsen på ospestamme frå Levajok | ||
| Altartavle | Skåre ut i bjørk av Nils Persen Magga | ||
| Sitjeplassar | 60 | ||
![]() Levajok fjellkyrkje 69°56′00″N 26°27′11″E / 69.9333°N 26.4531°E | |||
| Wikimedia Commons: Levajok fjellkirke | |||
Levajok fjellkyrkje (Lævvajåga duoddargir’ko) ligg i Tanadalen i Polmak sokn i Indre Finnmark prosti. Levajok har vore preikestad frå gammalt av, ved at presten heldt husmøte på ettermiddagane nokre gonger i året. Frå 1962 var det ei fast høgmesse i Levajok for året. Desse gudstenestene vart heldt i heimen til Samuel Mikkelsen, ein av dei få fastbuande i Levajok, på den tida av året då reindriftssamane kom forbi. Gudstenestespråket var som oftast samisk.
I 1970 vedtok soknerådet i Polmak å reise ei fjellkyrkje på Levajok. Arbeidet vart i gjennomført med stor dugnadsinnsats og i hovudsak finansiert med lokalt innsamla middel. 19. august 1973 vart kyrkja vigsla av biskop Kristen Kyrre Bremer.
Kjelder:
[endre | endre wikiteksten]- Vår kirke i nord Årbok for Hålogaland 1974: Kåre Kvammen: Levajok fjellkirke
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Levajok fjellkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
