Nevlunghamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nevlunghavn)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°58′02″N 09°52′02″E

Nevlunghamn
Nevlunghavn
tettstad
Nevlunghavn.jpg
Frå Nevlunghamn
Foto: Mahlum
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Larvik
Areal 1,71 km²
Folketal 1 788 (2017)
Folketettleik 1 046 / km²
Postnummer 3296 NEVLUNGHAMN
Preposisjon i Nevlunghamn
Wikimedia Commons: Nevlunghavn

Nevlunghamn, også skrive Nevlunghavn, ligg på Skagerrakskysten sørvest i Larvik kommune i Vestfold. Nevlunghamn – eller Havna, som staden heiter på folkemunne – ligg ytst på «neset» på Vestfold-sida av Langesundsfjorden, som den ytste utposten i fylket mot Skagerrak. Staden voks fram som fiskevær og loshamn, og det opphavlege preget er godt teke vare på. Staden høyrde tidlegare til Brunlanes kommune, som i 1988 vart del av Larvik kommune. SSB reknar Nevlunghamn og Helgeroa, som ligg litt lenger nord, som ein samanhengande tettstad med 1 788 innbyggjarar per 1. januar 2017.[1]

Losing og fiske[endre | endre wikiteksten]

Bryggja i Nevlunghamn

Dei fyrste innbyggjarane som slo seg ned i Nevlunghamn på siste halvdel av 1600-talet, dreiv med losing og fiske. Etter kvart voks det fram ein karakteristisk busetnad lunt plassert under Havneberget - eller Kikkærsberget, som det òg vert kalla lokalt. Her sat losane og speida etter skip som skulle ha los. Stadet vart kjend for sine uredde og dugande losar og losyrket gjekk i arv frå far til son i generasjon etter generasjon.

Havnefjorden er godt verna mot havet av Bramskjera. I tidlegare tider kunne fjorden vere full av seglskuter som søkte ly mot storm og uvêr.

Ferieområde[endre | endre wikiteksten]

Nevlunghamn er eit populært ferieområde med mange hytter og sommarhus og campingplassen Oddane Sand, som har ei godt vitja badestrand. Rett ved Oddane sand ligg Gurvika, som er ein feriestad for funksjonshemma.

Den plasseringa har gjort Nevlunghamn til ei mykje vitja gjestehamn for seglbåtar. Her er fleire serveringsstader, og på bryggja kan ein om sommaren kjøpe fersk fisk, reker og krabbe. I sjølve Havna bur det ca 650 menneske. Med alle sommargjestene sju-åttedoblast innbyggjartalet.

Inst i Havnebukta ligg Omrestranda med sandstrand og langgrunne.

Humlesekken[endre | endre wikiteksten]

Humlesekken

Ved innseglinga til Nevlunghamn frå vest ligg det vesle skjeret Humlesekken med den karakteristiske kjempesteinen «Munken», som ser ut å vilje rulle ut i havet kva tid som helst. Etter segna gjorde to jøtlar kur til ei møy på Jomfruland. Ho sa at han som kasta ein stein lengst frå Jomfruland skulle få henne. I fylgje segna hamna ein av steinane på Humlesekken og har sidan lege der.

Mølen[endre | endre wikiteksten]

Like vest for Nevlunghamn ligg Mølen, der Vestfoldraet, den gigantiske moreneryggen frå istida, forsvinn ned i havet. Det særmerkte landskapet med sine 16 storrøyser og talrike mindre steinvollar er ikkje vesentleg endra sidan dei siste gravminna vart bygd der, truleg noko før vikingtida. Området har ein særeigen geologi og flora og er freda.

Verneverdig stad[endre | endre wikiteksten]

I 1991 vart Nevlunghamn peikt ut som Vestfold sin kandidat til Riksantikvaren si utnemning av dei stadane i Noreg som hadde mest opphavleg miljø og var best teke vare på. Dette førte samstundes Nevlunghamn inn på UNESCO si internasjonale liste over verneverdige stader. I kommuneplanen for Larvik er Nevlunghamn ein av stadene som er underlagd særskilde vernereglar. Reglane omfattar ikkje berre ein vesentleg del av busetnaden (kring 70 hus), men òg dei karakteristiske rundsvaa, som busetjinga smidig føyer seg rundt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]