New York Minute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
New York Minute
Singel av Don Henley
frå albumet The End of the Innocence
Utgjeve 1990
Innspelt 1989
Sjanger Rock
Lengd 6:37
Selskap Geffen
Låtskrivar(ar) Don Henley, Danny Kortchmar, and Jai Winding
Don Henley-kronologi
"How Bad Do You Want It?»
(1990)
New York Minute «The Garden of Allah»
(1995)


«New York Minute» er ein song skriven av Don Henley, Danny Kortchmar og Jai Winding. Henley gav ut songen i 1989 på albumet The End of the Innocence. Singelen nådde femteplassen på Adult Contemporary-lista i USA året etter, men berre 48. plassen på Billboard Hot 100.

Pino Palladino spelar bandlaus bass på songen, medan Toto-medlemmane David Paich, spelar piano og skrive strykearrangementet, og Jeff Porcaro spelar trommer. Take 6 syng korvokal på songen.

Songen vart spelt inn av EaglesHell Freezes Over i 1994 og av Herbie Hancock i 1995 på albumet The New Standard. I 1998 spelte den danske songaren Sanne Salomonsen inn songen i lag med Chris Minh Doky. John Wetton spelte songen i 2015 på konsertalbumet New York Minute.

Songen er nytta i ein episode av The West Wing kalla «Somebody's Going to Emergency, Somebody's Going to Jail,» som var kalla opp etter ei linje i songen. Han vart òg nytta i ein episode av Friends kalla «The One with Two Parts, Part Two».

Songen vart nært knytt til 11. september-åtaka og vart mykje spelt på radiostasjonar på den tida.

Songen er blitt sampla av New York-rapperen French Montana. Nicki Minaj sampla òg songen i «NY Minute».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]