Hell Freezes Over er det andre konsertalbumet til Eagles, gjeve ut i 1994. Det inneheld fire nye studiospor og elleve konsertopptak for ein MTV-spesial frå april 1994. Albumet gjekk til topps på Billboard-lista, der det låg i to veker. Det er det ander konsertalbumet ti lbandet etter Eagles Live i 1980. Eagles hadde kome saman att etter ein fjorten år lang pause. Albumet vart ein like stor suksess som turneen og selde over seks millionar eksemplar og inneheldt to singlar som nådde topp 40, «Get Over It» og «Love Will Keep Us Alive». Bandbesetninga bestod av besetninga frå Long Run-tida: Don Henley, Glenn Frey, Joe Walsh, Don Felder og Timothy B. Schmit. Turneen varte frå 1994–96 og vart ein av dei mest suksessrike turenane i musikkhistoria. Albumet inneheld ein akustisk versjon av «Hotel California». Hell Freezes Over vart òg gjeve ut på video i form av VHS, LaserDisc og DVD.
Namnet på albumet er ein referanse til det Don Henley sa då bandet braut opp i 1980. Han sa at bandet kom til å spele saman att først når «Hell freezes over» (når helvete frys til). Ein av dei mest kjende songane på albumet er eit nytt arrangement av «Hotel California» med ein lengre akustisk gitar- og perkusjonsintro. I byrjinga av konserten seier Glenn Frey: «For å få det sagt, me gjekk aldri frå kvarandre; me berre tok ein 14 år lang pause.»
Den nye songen «Get Over It» vart ein mindre hitt, og ein annan ny song, «Love Will Keep Us Alive», nådde toppen av Billboard Adult Contemporary-lista.
DVDen var ein av dei første musikkutgjevingane som hadde eit DTS-lydspor i tillegg til eit PCM-stereolydspor. DVDen inneheld songen «Seven Bridges Road» som berre var i DTS-lyd. DVDen har sidan blitt gjeven ut på ny med Dolby Digital-lyd. Albumet vart òg gjeve ut på DTS CD i 1997.