Nicolae Ceaușescu
| Nicolae Ceaușescu | |||
| | |||
| Fødd | 26. januar 1918 Scornicești | ||
|---|---|---|---|
| Død | 25. desember 1989 (71 år) | ||
| Statsborgar av | Kongedømet Romania, Republica Populară Română, Socialist Republic of Romania | ||
| Parti | Det rumenske kommunistpartiet (1937; 1989) | ||
| Yrke | politikar, militær leiar, Romanias president | ||
| Utdanna ved | M.V. Frunzes millitærakademi Academia de Studii Economice din București | ||
| Ektefelle | Elena Ceaușescu | ||
| Barn | Zoia Ceaușescu, Nicu Ceaușescu, Valentin Ceaușescu | ||
| Verv | President i Romania 1968–1989 | ||
| Føregangar | Gheorghe Gheorghiu-Dej | ||
| Etterfylgjar | Ion Iliescu | ||
| Alle verv | |||
Nicolae Ceaușescu (26. januar 1918–25. desember 1989) var ein rumensk kommunistisk politikar og Romania sin statsleiar frå 1965 til 1989.[1][2]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Nicolae Ceaușescu vart fødd i Scornicești i 1918 og vart medlem av det rumenske kommunistpartiet i 1933.[3] I 1965 vart han generalsekretær i partiet, og 1968 president i Romania. Ceaușescu dreiv ein utanrikspolitikk som uroa Moskva;[4] han fordømde den sovjetiske invasjonen av Tsjekkoslovakia under opprøret der i 1968, og avslo å sende troppar dit.[5][6] Dette gjorde han særs populær i Vesten. Innanrikspolitisk var derimot Ceaușescu eit brutal despot og vart stundom samanlikna med Vlad Țepeș (Grev Dracula). Under Ceaușescu sitt styre vart mellom anna det frykta hemmelege politiet Securitate danna.[7]

Statsleiar
[endre | endre wikiteksten]Ceaușescu sitt styre var prega av ein enorm personkult han lukkast i å skape omkring seg sjølv.[8] Han brukte store summar av økonomien i landet på mange monumentalprosjekt, slik at Romania utvikla seg til å verte eit av dei fattigaste og mest tilbakeståande landa i Euruopa. Medan Ceaușescu levde i luksus saman med familien sin, levde store delar av folket i stor fattigdom. Kona hans Elena Ceaușescu hadde til dømes 3 000 par sko. Ceaușescu var òg ein omsynslaus diktator som systematisk forfølgde folk som tenkte annleis og minoritetar gjennom det frykta tryggingspolitiet Securitate. Dei aller fleste innbyggjarane innsåg at dei var undertrykt og bar på innesperra sinne. Få våga derimot å protestere på grunn av frykt for represaliar frå regimet. Ein frykta for både sitt eige og sin familien sitt liv.[9][10]
Revolusjonen
[endre | endre wikiteksten]Som med mange andre land i Aust-Europa gjorde innbyggjarane i landet opprør mot slutten av 1980-talet, men i Romania vart dette langt blodigare enn i dei andre landa. Dropen som fekk begeret til å flyte over var ordren Ceaușescu gav om skyte uvæpna demonstrantar i Timisoara. Dette eskalerte til den rumenske revolusjonen. Ceaușescu flykta med helikopter, men vart teke til fange og stilt for ein militærdomstol, tiltalt for mellom anna folkemord. Etter ein summarisk rettargang vart ekteparet Ceaușescu avretta ved skyting den 25. desember 1989 i Târgovişte.[11][12]
Ceaușescu vart i 1980 tildelt St. Olavs orden av Kong Olav V. Ordenen vart trekt tilbake i 1989.[13]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Nicolae Ceauşescu» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Nicolae Ceaușescu» (på engelsk). Britannica. Henta 2025-10-23.
- ↑ Hitchins, Keith (2014). A Concise History of Romania (på engelsk). Cambridge University Press. s. 274. ISBN 9780521872386.
- ↑ «Independenta fata de Uniunea Sovietica».
- ↑ Bright, Martin (9. januar 2000-). «Revealed: Britain on brink of war with Soviet Union in 1968». the Guardian.
{{cite web}}: Check date values in:|dato=(hjelp) - ↑ Stolarik, M. Mark (2010-01-01). The Prague Spring and the Warsaw Pact Invasion of Czechoslovakia, 1968: Forty Years Later (på engelsk). Bolchazy-Carducci Publishers. ISBN 9780865167513.
- ↑ «Romania uses legacy of brutal dictator in anti-aging campaign». The Asahi Shimbun Globe.
- ↑ Riis, Carsten & Erbs, Kjeld. «Nicolae Ceauşescu» (på dansk). lex.dk. Henta 2025-10-23.
{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link) - ↑ Adrian Cioroianu (2005). Pe umerii lui Marx. O introducere în istoria comunismului românesc. Bucharest: Editura Curtea Veche. s. 435. ISBN 9736691756.
- ↑ Vladimir Tismăneanu (2005). Stalinism pentru eternitate. Iași: Polirom. s. 255. ISBN 973-681-899-3.
- ↑ Karasz, Palko (2016-06-06). «At Ceausescu's Villa, Focus Is on Décor, Not Dictatorship». The New York Times. ISSN 0362-4331.
- ↑ «Istoria comunismului romanesc: Negru la Securitate şi alb la partid». istoriacomunismului.blogspot.jp.
- ↑ «Ceausescu er fratatt St. Olav», Aftenposten, 23. desember 1989, s. 8.
- Denne artikkelen bygger på «Nicolae Ceaușescu» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juli 2008.