Niels Schiøtt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niels Schiøtt
Statsborgarskap Noreg, Danmark
Fødd 27. februar 1780
København
Død

15. juni 1824 (44 år)
Christiania

Yrke offiser, politikar
Språk norsk

Niels Schiøtt (27. februar 178015. juni 1824) var ein dansk-norsk offiser og stortingsmann.

Schiøtt var fødd i København der far hans vart titulert som kammerråd. I 1814 var Schiøtt major i artilleriet i Christiania, seinare forfremja til oberstløytnant i 1818 og oberst i 1823.

Schiøtt var hovudstaden sin 2. representant på Stortinget i 1815. Han var medlem av Lagtinget og av riksretten, samt tolv ulike komitear. Mellom anna var han formann i komiteen om verneplikt på gods og av komiteen om vernepliktslova, samt sekretær i militærkomiteen.

Han døydde i Christiania i 1824, 44 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]