Night Train

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Night Train
Song av Jimmy Forrest
Utgjeve 1. mars 1952[1]
Innspelt 27. november 1951
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:50
Selskap United (110)
Låtskrivar(ar) *Oscar Washington
  • Lewis P. Simpkins
  • Jimmy Forrest

«Night Train» er ein 12-taktsbluesinstrumental som først vart spelt inn av Jimmy Forrest i 1951.

Opphav og utvikling[endre | endre wikiteksten]

«Night Train» har ei lang og komplisert soge. Stykket opnar med eit riff som først vart spelt inn i 1940 av ei lita gruppe leia av sidemannen til Duke Ellington, Johnny Hodges, med tittelen «That's the Blues, Old Man». Ellington brukte det same riffet som opning og avslutning av ein lenger komposisjon, «Happy-Go-Lucky Local», som i seg sjølv var ein av fire delar av hans Deep South Suite. Forrest spelte i bandet til Ellington då han framførte komposisjonen, som har ein lang tenorsaksofonsolo i midten. Etter han forlet Ellington, spelte Forrest inn «Night Train» på United Records og fekk ein stor rhythm & blues-hit. Medan «Night Train» brukar et same riffet som tidlegare innspelignar, vart det av Forrest nytta i ein mykje meir uraffinert R&B-setting. Forrest sette inn sin eigen solo over ein stopp-takt-rytme som ikkje var med i komposisjonen til Ellington. Han sette sitt eige merke på melodien, men det er ein tydeleg samanheng til den tidlegare komposisjonen.

Broadcast Music, Inc. (BMI) godskriv songen til Jimmy Forrest og Oscar Washington.[2]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Det er blitt skrive fleire forskjellige tekstar til melodien. Den tidlegare kom i 1952 og var skriven av Lewis P. Simpkins, medeigar i United Records, og gitaristen Oscar Washington.[3]

Eddie Jefferson spelte inn ein versjon av «Night Train» med ein annan tekst.

James Brown-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Night Train
Song av James Brown
frå albumet James Brown Presents His Band
Utgjeve Mars 1962
Innspelt 9. februar 1961, King, Cincinnati i Ohio
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 3:35
Selskap King (5614)
Låtskrivar(ar) * Oscar Washington
James Brown-kronologi
Lost Someone (1961) Night Train Shout and Shimmy (1962)


James Brown spelte inn «Night Train» med bandet sitt i 1961. Framføringa hans erstatta den originale teksten i songen med å rope ut namnet på forskjellige byar på Austkysten, i tillegg til at tittelen vart repetert mange gonger. Brown spelte òg trommer på innspelinga. Songen kom opphavleg ut på albumet James Brown Presents His Band and Five Other Great Artists, og så på singel i 1962. Han vart då ein hit og nådde femteplassen på R&B-lista og 35. plassen på poplista.[4]

Eit konsertopptak av songen var avslutningsnummer på albumet Live at the Apollo. Brown spelte òg «Night Train» i lag med gruppa si The Famous Flames (Bobby Byrd, Bobby Bennett og Lloyd Stallworth) i konsertfilmen The T.A.M.I. Show frå 1964.

Bandet til Brown, The J.B.'s, nytta seinare hovudsaksofonlinja frå «Night Train» på den instrumentale singelen deira, «All Aboard The Soul Funky Train», som kom ut i 1975 på albumet Hustle with Speed.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

«Night Train» har blitt spelt av mange andre artistar gjennom åra:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billboard Mar 1, 1952, Rhythm & Blues Record Releases page 31
  2. BMI Repertoire Search, «Night Train». Henta 26. februar 2018
  3. Marv Goldberg's R&B Notebooks - REGALS
  4. Wolk, Douglas. (2004). Live at the Apollo, 99. New York: Continuum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]