Oscar Peterson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oscar Peterson
Oscar Peterson.jpg
Fødd 15. august 1925
Montreal
Død

23. desember 2007
Mississauga

Instrument

piano

Sjanger jazz, bebop, hard bop, third Stream, blues
Yrke pianist, komponist, songar, musikkforskar, jazzmusikar, skodespelar

Oscar Emmanuel Peterson (15. august 192523. desember 2007) var ein kanadisk jazzpianist som særleg var kjend for sin virtuose spelestil.

Oscar Peterson på 1950-talet

Peterson, som var frå Montréal, vart lansert i USA i 1949 og var dei neste tre tiåra ein av dei mest etterspurde musikarane innafor jazz-sjangeren. Gjennom ein periode på 60 år gav han ut omkring 200 verk, mest kjend er kanskje «Hymn to Freedom» frå 1962. Han opptrådde oftast åleine eller med eigen trio. Ray Brown, Jon Faddis, John Guerin, Milt Holland, Freddie Hubbard, Barney Kessel, Alvin Stoller og Toots Thielemans var alle saman musikarar som spelte med Peterson.

Peterson gav ei rekke konsertar i Noreg, dei fyrste i 1953 og dei siste i 2000.

Han døydde 82 gammal i Mississauga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]