The Ventures

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Ventures

The Ventures i 1967
AliasThe Versatones
The New Ventures
OpphavTacoma i Washington i USA
AktivSidan 1958
SjangerInstrumental rock, surferock
PlateselskapDolton, Liberty, United Artists, Capitol, GNP Crescendo, Blue Horizon
MedlemmerGerry McGee
Bob Spalding
Leon Taylor
Tidlegare medlemmerDon Wilson
Nokie Edwards
Bob Bogle
Howie Johnson
Mel Taylor
John Durrill
Joe Barile
Dave Carr
Biff Vincent
Leisha Soukary
Jonell Calendar
George T. Babbitt jr.
Paul Warren
PrisarRock and Roll Hall of Fame

The Ventures er eit USA-amerikansk instrumentalt rockeband skipa i 1958 i Tacoma i Washington. Gruppa vart starta av Don Wilson og Bob Bogle og har gjennom forskjellige inkarnasjonar hatt innverknad på musikkutviklinga verda over. Dei har selt over 100 millionar plater,[1] og er ei av dei bestseljande instrumentalbanda gjennom tidene. I 2008 vart The Ventures innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[2]

Med stor dugleik på instrumenta sine, eksperimentering med gitareffektar og unik lyd la dei grunnlaget for mange andre grupper, og dei fekk kallenamnet «Bandet som lanserte tusen band».[3] Populariteten deira i USA gjekk nedover i 1970-åra, men dei heldt på statusen sin i Japan, der dei framleis turnerer regelmessig.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Starten[endre | endre wikiteksten]

Don Wilson og Bob Bogle møtte kvarandre først i 1958, då Bogle skulle kjøpe ein bil hos ein bruktbilforhandlar i Seattle som far til Wilson eigde. Dei hadde ei felles interesse for gitar og dei byrja å spele i lag, og arbeidde i lag som murarar. Dei kjøpte to brukte gitarar hos ein pantelånar for ti dollar kvar.[4] Dei kalla seg først The Versatones, og duoen spelte i små klubbar, barar og private festar på nordvestkysten av USA. Wilson spelte rytmegitar, medan Bogle spelte solo. Då dei skulle registrere namnet fann dei ut at det alt var teke. Skuffa måtte dei finne eit nytt namn. Mor til Wilson føreslo namnet «The Ventures», som dei vart samde om i 1959.[5]

Etter å ha sett Nokie Edwards spelte på ein nattklubb, tok dei han med som bassist. Bogle hadde ei Chet Atkins-plate, Hi-Fi in Focus, med songen «Walk, Don't Run». Kort tid etter var gruppa i platestudio for å spele inn den nye songen, med Bogle på solo, Wilson på rytme, Edwards på bass og Skip Moore på trommer. Dei trykte fleire plater, som dei distribuerte fleire plateselskap. Seinare slutta Skip Moore for å arbeide på bensinstasjonen til familien. Då «Walk, Don't Run» vart spelt inn, sa han òg frå seg honorara frå innspelinga, og tok i staden 25 dollar på staden. Seinare saksøkte han gruppa for å få honorara likevel, men mislukkast fordi han hadde valt å få betaling i staden. «Walk, Don't Run» selde over ein million eksemplar og fekk gullplate for salet i USA.[6]

The Ventures trengde ein fast trommeslagar etter George T. Babbitt jr. slutta då han ikkje var gammal nok til å spele på nattklubbar og barar, og dei hyrte Howie Johnson og midt i ein hektisk turnéperiode spelte dei inn eit album for å utnytte suksessen til singelen. Babbitt vart sidan ein 4-stjerners general i det amerikanske luftvåpenet og 1. mars 1998 spelte han trommer med bandet i uniform.[7] Besetninga med Bogle, Wilson, Edwards og Johnson var uendra fram til 1962. Gruppa fekk tidleg suksess med ei rekkje singlar, men vart raskt leiande på albummarknaden. The Ventures var pionerar innan konseptalbum (frå og med The Colorful Ventures i 1961) der kvar song på fleire av albuma deira vart vald ut til å passe eit spesifikt tema. Somme av dei mest populære albuma til The Ventures på denne tida var innspelingar av dansemusikk. I «hi-fi-gullalderen» tidleg i 1960-åra, då stereolyd framleis var på eksperimentstadiet, fann The Ventures sin karakteristiske stil ved å spele inn kvart instrument i berre den venstre eller høgre kanalen, med liten (om noko) overgang mellom dei, og forsterka stereoeffekten til det fulle.

I 1961 indikerte Edwards, som sjølv var ein dugande gitarist, at Bogle hadde nådd så langt han kunne på gitaren, og at dei i røynda sløste bort talentet til Edwards med å halde han på bass. Bogle var samd og lærte seg raskt bassgangane på alle songane deira, slik at Edwards kunne spele gitar og han bass. Dette førte til ei viktig modernisering av stilen deira og sikra suksess i ein marknad i stadig endring til godt inn på 1960-talet.

Den klassiske besetninga[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1957 vart Johnson skadd i ei bilulukke, og han fekk uoppretteleg skade på ryggrada. Han måtte derfor spele med nakkekrage. Johnson spelte på dei fire første albuma og spelte inn kring halvparten av songan epå det femte (Twist with the Ventures/Dance!). Han likte ikkje å vere lenge borte frå familien sin og slutta derfor i bandet. Johnson fortsette å spele lokalt i Washington-området med lokale grupper fram til han døydde 5. mai 1987, 54 år gammal.

Då Johnson slutta i The Ventures, kjende Bogle og Wilson alt Mel Taylor, fast trommeslagar i The Palomino i North Hollywood (staden der dei seinare spelte mange konsertar i 1980-åra). Taylor var kjend for å vere ein hardstlåande trommeslagar. Gruppa inviterte han med på nokre innspelingar, og Taylor vart til slutt fast medlem av The Ventures.

Ny oppgang og nedgang i USA[endre | endre wikiteksten]

Kombinasjonen av Edwards på sologitar, Taylor på trommer, Bogle på bass og Wilson på rytmegitar var uendra fram til Edwards sutta i gruppa i 1968, og vart erstatta av Gerry McGee, sonen til den kjende cajunfiolinisten Dennis McGee. Edwards kom attende i 1973 og vart verande med dei fram til 1984, men har òg turnert med dei ved fleire høve i nyare år. I 1984 vart han igjen erstatta av Gerry McGee. Mel Taylor slutta i 1972 (og vart erstatta av trommeslagaren Joe Barile) for å satse på ein solokarriere då The Ventures hadde vorte eit nostalgiband. Føremålet hans var å konsentrere seg om nytt materiale og den progressive sida av musikken. Han kom attende i 1979 og vart verande med The Ventures til han døydde av kreft i 1996. Då Mel Taylor vart sjuk, vart han erstatta av sonen sin, Leon Taylor. Den originale trommeslagaren Howie Johnson døydde i 1988 og Skip Moore, trommisen på «Walk, Don't Run», var òg gått bort.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Kommersielt gjekk det dårlegare med bandet i USA tidleg i 1970-åra då musikkmotane endra seg. Seint i 1970- og tidleg i 1980-åra vart det ny interesse for surfemusikk og ein del av punk/new wave-publikummet oppdaga bandet på ny. The Go-Go's skreiv «Surfin' And Spyin'» og dediserte songen til The Ventures. The Ventures sjølv spelte sin eigen versjon og spelar framleis stundom denne songen. Karrieren deira fekk ny giv då Quentin Tarantino brukte the Lively Ones-versjonen av Nokie Edwards sin «Surf Rider» og fleire andre klassiske surfesongar i filmen Pulp Fiction. The Ventures vart ein av dei mest populære gruppene verda over på grunn av den instrumentale musikken. Det var ingen språkbarrierar som måtte brytast. The Ventures er framleis den mest populære, amerikanske rockegruppa i Japan, den nest største platemarknaden i verda. Ein ofte sitert statistikk er at The Ventures selde det dobbelte av The Beatles i Japan.[1] Dei produserte dusinvis av album berre for den japanske og den europeiske marknaden, og har ofte turnert i Japan frå 1960-åra og fram til i dag. I følgje ein artikkel frå januar 1966 i Billboard Magazine, hadde The Ventures fem av dei ti mestseljande singlane i Japan i 1965.

The Ventures i dag[endre | endre wikiteksten]

10. mars 2008 vart The Ventures innlemma i Rock and Roll Hall of Fame med John Fogerty som presentatør. Dei som møtte opp for The Ventures var dei originale medlemmane Don Wilson og Nokie Edwards, John Durrill, dåverande gitarist Bob Spalding, og dåverande trommeslagar Leon Taylor som i lag med enkja til Mel Taylor tok i mot prisen på vegner av den avdøde trommeslagaren. Bob Bogle og Gerry McGee hadde ikkje høve til å delta på seremonien. The Ventures framførte dei største hittane sine, "Walk, Don't Run" og «Hawaii Five-O», i lag med Paul Shaffer og bandet hans.

Bob Bogle levde i Vancouver i Washington i mange år og døydde der 14. juni 2009 av lymfom, 75 år gammal.[8] Don Wilson spelar framleis inn musikk med bandet, men slutta å turnere etter 2015.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

The Ventures var på sitt mest populære og hadde størst suksess i USA og Japan i 1960-åra, men dei fortsette å spele inn musikk og turnere etter det. Dei har selt over 110 millionar plater verda over og er framleis det mestseljande instrumentale rockegruppa gjennom tidene. 38 Ventures-album (inkludert eit julealbum) nådde albumlista i USA, og seks av fjorten singlar på singellista nådde Topp 40. Tre av dei klatra inn på Topp 10. A dei 38 albuma var 34 av dei utgjevne i 1960-åra, og The Ventures er rangert som den sjette beste popalbumartisten det tiåret hos «Joel Whitburn's Top Pop Albums».

I 1963 hadde The Ventures fem album inne på Billboard Top 100 i USA samstundes. I tillegg gav di ut ei rekkje instruksjonsalbum kalla Play Guitar with the Ventures og Play Electric Bass with the Ventures. Fire av desse albuma gjekk inn på Billboard Top 100, noko som var uhøyrt for eit instruksjonsalbum. The Ventures vart det første bandet som hadde to forskjellige versjonar av den same songen inne på Topp 10 med "Walk, Don't Run" (#2) og "Walk, Don't Run '64" (#8).

The Ventures var blant dei første rockeartistane som selde album basert på ein stil utan at det var behov for hitsinglar på albumet. Desse albuma var òg blant dei første døma på eit konseptalbum i rocken. Mange av albuma til The Ventures var arrangert kring eit sentralt tema..[9]

Trass i at dei oppstod før omgrep som surfegitar og surferock oppstod, og dei sjølv ikkje reknar seg som eit surferockband, var dei ein viktig byggjeklosse i surfemusikken. Magasinet Guitar Player omtalte albumet Walk, Don't Run frå 1960 som eit album som kom ut før surfetrenden byrja.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Utval studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Nole «Nokie» Edwards i 2009 i Nashville ved Chet Atkins Appreciation Society.
Noverande medlemmar
  • Ian Spalding – gitar / bass (Sidan 2016)
  • Luke Griffin – bass / gitar (Sidan 2017)
  • Leon Taylor – trommer (Sidan 1996)
  • Bob Spalding – guitar (Sidan 2005)
Tidlegare medlemmar
  • Nokie Edwards – sologitar, bassgitar (1960–1968, 1972–1985; som gjest 1999-2012)[10]
  • Gerry McGee - (1968-1972, 1985-2017)
  • Don Wilson - gitar (1958-2017)
  • Bob Bogle – bassgitar, sologitar (1958–2009; død 2009)
  • Howie Johnson – trommer (1960–1963; død 1988)
  • Mel Taylor – trommer (1963–1973, 1979–1996; død 1996)
  • Sandy Lee Gornicki – klaverinstrument (1968)
  • John Durrill – klaverinstrument (1969–1972)
  • Dave Carr – klaverinstrument (1972–1977)
  • Joe Barile – trommer (1973–1979)
  • Biff Vincent – klaverinstrument (1975–1976)

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «The Ventures: still rocking after 50 years». The Japan Times. 7 August 2008. Arkivert frå originalen 12. september 2018. Henta 29. mai 2023. 
  2. «The Ventures». Rockhall.com. Arkivert frå originalen 1. april 2010. Henta 29. mai 2023. 
  3. «Hall of Fame Petition 06/15/2000». Sandcastle V.I. Henta 25. februar 2018. 
  4. Don Wilson explains the genesis of the band (video)
  5. Don Wilson interview at American Music Masters, November 15 2008
  6. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2. utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 129–130. ISBN 0-214-20512-6. 
  7. Walk Don't Run with General George Babbitt (video)
  8. «R.I.P. The Ventures' Bob Bogle». Blogs.thenewstribune.com. Arkivert frå originalen 4. januar 2010. Henta 25. februar 2018. 
  9. «The Fabulous Ventures - Band History». Sandcastlevi.com. Henta 25. februar 2018. 
  10. «Touring line-up for 2012». The Ventures Official Website. 3 May 2012. Henta 12 May 2015. 

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Walk, Don't Run - The Story of The Ventures, 2. utg. 2009, av Del Halterman (US), s. 378, Lulu Press.
  • Driving Guitars, av M.Campbell & D.Burke (UK), 2009, s. 430, Idmon press.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]