Nikolaj Kasatkin
Nikolaj Kasatkin | |
![]() | |
Verkeleg namn | Николай Алексеевич Касаткин |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Sovjetunionen |
Fødd | 25. desember 1859 Moskva |
Død |
17. desember 1930 (70 år) |
Yrke | kunstmålar |
Språk | russisk |
Nikolaj Kasatkin på Commons |
Nikolaj Aleksejevitsj Kasatkin (25. desember 1859–17. desember 1930) var ein russisk kunstmålar som er rekna som ein av grunnleggjarane av sosialrealismen i russisk kunst.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]
Kasatkin var son av ein gravør og litograf.[1]
I tida 1873-83 studerte han under Vasilij Perov og Illarion Prjanisjnikov ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur.[2] Sjølv underviste han ved same lærestaden frå 1894 til 1917. Frå 1891 var han medlem av Peredvizjnikij-gruppa. I 1903 blei han medlem av Det russiske kunstakademiet.[2] I 1922 melde han seg inn Kunstnarforbundet i det revolusjonære Russland (AkhRR - Assoziazija chudoshnikow Rewoljuzionnoi Rossii).
Virke
[endre | endre wikiteksten]I si første tid måla Kasatkin sjangerbilete. Han vigde seg så til å skildre livet til arbeidarane og gruvefolket i Donetsk-bekkenet, til dømes gruvearbeidaren. Mellom dei fremste verka frå denne tida er Trekkdyret (1885), Gruvearbeiderske (1894) og Skiftombyte (1895). Desse måleria bygger på inntrykk frå nokre reiser i Donetsk-bekkenet samt Ural, som han gjennomførte i åra frå 1892 til 1897.
Inntrykk frå den revolusjonære tida 1905/07 kjem til syne i bilete som Arbeidarkampar (1905) og Arbeidersker stormar ein fabrikk (1906). Med desse og andre verk vart Kasatkin ein vegbrøytar for den sosialrealistiske stilretninga.
I tida mellom 1906 og 1910 reiste han i det europeiske utland. Desse reisene førte han til Finland, Noreg, Sverige, Italia og til Tyrkia. Etter oktoberrevolusjonen tok Kasatkin del i den kulturelle og samfunnsmessige omveltinga i heimlandet. Han døydde i 1930 i fødebyen Moskva.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Rivalar, 1890.
-
Ein arbeidarfamilie (1890-1900)
-
To arbeidarar, 1893.
-
Fattige plukker opp kolstykke frå gruva, 1894.
-
Kven?, 1897
-
I korridoren til distriktsretten, 1897.
Portrett
[endre | endre wikiteksten]-
Jente ved gjerde, 1893.
-
Gruvearbeidarske, 1894.
-
Gruvearbeider. Studie frå 1894.
-
Torfjanka. Studie, 1901.
-
Pionerjente med bok, 1925.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nikolai Alexejewitsch Kassatkin» frå Wikipedia på tysk, den 15. juni 2009.