Nils Belland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Belland
Fødd 9. juli 1878

Nils Salvesson Belland (fødd 9. juli 1878) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Vegusdal i Aust-Agder som representerte partiet VenstreStortinget frå 1919 til 1933. Han møtte 1919-21 frå einmannskrinsen Oddernes, sidan som representant for Vest-Agder fylke.

Belland var son til ein gardbrukar. Han gjekk amtsskulen i Iveland vinteren 1896/97 og landbruksskulen for Setesdal i 1898-99. Fram til 1905 var han i arbeid på farsgarden i Vegusdal, samstundes var han emissær for Kristiansand og Omegns Indremisjon i åra 1900-07. I 1905 kjøpte han garden Fiskå i Oddernes herad, og var sidan gardbrukar i lang tid. Han heldt likevel fram som emissær i tida 1907-16, då tilsett i Agder krins av Det norske lutherske Kinamisjonsforbund.

Frå 1916 til 1922 var Belland ordførar i Oddernes herad. Hausten 1918 vart han attåt vald til stortingsmann frå valkrinsen Oddernes, som representant for Venstre. Etter tre år på Tinget vart han attvald hausten 1921, då frå landkrinsen Vest-Agder. Med ytterlegare attval i 1924, 1927 og 1930, vart han verande tingmann til 1933. På Tinget var han medlem 1919-21 i Protokollkomiteen, 1922-24 i Sosialkomiteen og 1925-33 i Kyrkje- og skulekomiteen, der han var nestformann frå 1926. Belland var i si tid medlem av landsstyret i Venstre.

Omframt sjølve stortingsvervet, var Belland medlem i Boligutvalet åt Sosialdepartementet av 1923, Tenestemannskomiteen av 1924, Komiteen om bruken av bygningane på lærarskulen i Holmestrand til døveskule av 1927, Komiteen om døveskulane av 1929. Frå 1935 til -44 og 1946-47 var han medlem i fylkesskulestyret i Vest-Agder. Og i heile 23 år, 1921-44, var han med i avdelingsstyret for Noregs Bank i Kristiansand, formann 1936-42.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]