Noaide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samisk sjaman, avbilding frå 1700-talet.

Noaide (nordsamisk noaidi, lulesamisk noajdde, sørsamisk nåejttie, skoltesamisk nōjjd, tersamisk niojte, kildinsamisk noojd/nuojd, pitesamisk nåjjde) var ein samisk sjaman, ein ritualleiar i tradisjonell samisk religion. Noaidetradisjonen forsvann i løpet av 1600-talet, då kristendommen blei den dominerande religionen blant samane. Noaiden var ein særs viktig person i samisk kultur, ettersom han fungerte som bindeledd mellom menneska og åndeverda.[1] Det var hans oppgåve å sørga for fruktbarheit og sunnheit, og han var derfor på ein gong prest, lege og vismann. Av styresmaktene blei noaidane sett på som hekser, trollmenn eller magikarar. Mange av dei sjamanistiske førestillingane og rituelle praksisane til samane har stor likskap med tradisjonar funne hjå ei rekke sibirske kulturar.[2]

Praksis og opphav[endre | endre wikiteksten]

Teikning av ein noaide av Johannes Schefferus frå Lapponia frå 1673.
Kopi av runebomma til Anders Paulsen, som blei konfiskert i 1691. Paulsen blei arrestert for trolldom og drepen medan han var i fangenskap.[3]

Den samiske kulturen oppfatta noaidar som mellommenn mellom menneska og gudane, og for å kunne utføra verv, måtte dei kunne kommunisera med gudane og stilla dei spørsmål for til dømes å få svar på kva for offer gudane måtte ha for å hjelpa menneska. Den viktigaste reiskapen til noaiden var ei runebomme. På denne tromma slo han rytmisk og intenst med ein hammar forma som ein T eller F, laga av reinsdyrhorn. Joik blei òg brukt. Under ritualet brukte noaiden tromme og song til han kom i transe eller ekstase og gav seg ut på ei reise til åndeverda. Det var no muleg for han å sjå både framtida, fortida og å tala med dei døde. Han kunne få melding frå gudane om kor det var bytte eller bjørnar, ulvar og andre farar. I transen kunne han òg heila, frigjera sjeler og spå. Han kunne få melding frå gudane om ein skulle ofra noko til dei. Noaiden kunne såleis avgjera kva for offer som var nødvendige for å stabilisera balansen mellom verdene til dei døyelege og dei udøyelege.

Utøvinga til noaidane er hovudsakleg kjend frå arkeologiske funn av reiskapar, rettsprotokollar og rapportar frå misjonærar. Slike beretningar kan ikkje reknast som objektive, ettersom noaidane sin praksis blei sett på som skadeleg «trolldom »av forfattarane. Han blei forboden av styresmaktene, og tradisjonell religiøs praksis blei forfølgd.[1] Noaidar blei i nokre høve straffa med døden om dei blei funne skuldige i å ha praktisert «trolldom».

Det er usikkert kvar noaidetradisjonen stammar frå. Blant finnane fanst det eit liknande fenomen kalla noita, men det har ikkje vore mogleg å avgjera kva for kultur som var utgangspunkt for tradisjonen.

Folkemusikk[endre | endre wikiteksten]

Delar av tradisjonen blei bevart i folkloristiske forteljingar om sjamanar.[4] Nokre av dei moderne joikemelodiane blei òg brukte til sjamanistiske ritual.[5] Fram til nyleg blei joik framført i to ulike former, der den eine berre blei sungen av unge. Til den andre blei det brukt ein spesiell «mumlestil», og det er muleg at han bygger på ein rituell tradisjonen. Opphavet til desse skilnadene er ukjent.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Løøv, Margrethe (31. mai 2021). «noaide». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Voigt 1966: 296
  3. Marius Helge Larsen (24. januar 2022), «Danmark gir sjelden tromme tilbake til samene», khrono.no (på norsk bokmål), henta 21. april 2022 
  4. Voigt 1966: 145
  5. Szomjas-Schiffert 1996: 56, 76
  6. Szomjas-Schiffert 1996: 64

Litteratur[endre | endre wikiteksten]