Nord-Fugløya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nord-Fugløya
Lundefuglen hekkar i tusenvis på Nord-Fugløy
Lundefuglen hekkar i tusenvis på Nord-Fugløy
Geografi
Norway - Nord-Fugløya.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 70°15′53″N 20°13′59″EKoordinatar: 70°15′53″N 20°13′59″E

Areal 22 km²

Høgaste punkt Fugløykallen (750 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms

Nord-Fugløy, Fugløy eller Nordre Fugløy ligg ut mot Norskehavet, nordaust i Karlsøy kommune i Troms fylke. Øya er ei klippeøy, 750 m på det høgaste og med eit areal på 22 km². Nord-Fugløy er ein av dei mest kjende fuglefjella i Noreg, her hekkar Europa si største havørnstamme og store koloniar av alker, lundefugl og ærfugl. På grunn av det rike fuglelivet, er øya freda som naturreservat.[treng kjelde] Den store havørnbestanden var årsaka til at BBC valde å gjere opptak til ein film om havørna her i 1996.

Like nord for Nord-Fugløy ligg Fugløykalven fyrstasjon på ein bratt holme. Han vert rekna som ein av dei mest isolerte fyrstasjonane i landet med dårlege landingsforhold; farvatnet rundt Fugløykalven er veldig ureint.

Tett inntil Nord-Fugløy er det rike fiskefelt, mellom anna Fugløybanken, som ligg vest for øya. Dette har medført at øya har hatt fast busetnad fram til 1950-talet. Dei siste tiåra har øya vore fråflytta.Nord-Fugløy er rik på ressursar, med kjøt, egg og dun frå sjøfuglane, oter, havert, multer, sløke, kvann og syre. I tillegg til dei nære fiskeplassene har øya grasrike lier.

Gammal tid[endre | endre wikiteksten]

Nord-Fugløy var ikkje busett på 1500-talet, men mykje tyder på at øya då har vore eit samisk bruksområde. Den samiske folkesetnaden i området hadde eksklusive rettar til øya fram til 1609. På denne tida inndrog staten øya som krongods, og byrja å legge avgifter på utnyttinga. Det er funne tufter etter rorbuer på øya, truleg har det vore utrorsvær basert på tilreisande fiskarar her, for vår- og sommarfiske. Nord-Fugløya kom i privat eige rundt 1660 etter at danskekongen selde krongodset.

Eigarar og forpaktarar[endre | endre wikiteksten]

1700-talet var Nord-Fugløy eigd av proprietærgodset. Frå 1754 vart øya gjenstand for forpakting. Handelsmann Hans Petter Giæver i Maursund hadde forpaktingsrettane fram til om lag 1790, då gjestgjevar Hans Figenschou Lockert i Vannvåg overtok. I 1840 vart øya forpakta av gjestgjevar Mathias Dreyer på Karlsøya, som i 1846 kjøpte øya. Ein Høeg overtok øya etter han. I 1899 kjøpte Christian Figenschou på Helgøya øya frå sorenskrivar Figenschou. I 1901 gjekk Christian Figenschou i kompaniskap med kjøpmann Fritz Dreyer i Tromsø og danna Nord-Fuglø Interessentskab. Dei to eigd så øya i fellesskap. I 1923 overtok Christian Figenschous dotter Charlanka og mannen hennar Bjarne Bottolfsen øya og etablerte seg som fastbuande væreigarar. I løpet av 1930-åra vart all drifta nedlagd. I dag er øya eigd av et sameige, der multene vert hausta i årbytte mellom tre eigarar (søsken).

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Det vart gjort fleire forsøk med busetnad på Nord-Fugløy ut over 1700-talet, men det vart gjeve opp på grunn av dei ekstremt vanskelege landingsforholda. Dønningar frå havet kunne gjere det umogeleg å kome til og frå øya i dagevis og i uvêrsperiodar kunne det gå vekevis før nokon kunne kome i land. Det fanst ingen naturlege hamner på øya, noko som gjorde at dei rike ressursane berre vart utnytta sesongvis. Men på 1830-talet flytta nokre samiske familiar ut til øya, og dei greidde å busette seg her trass i dei vanskelege tilhøva. Dei utnytta ressursane på øya, dreiv med sanking og fangst av fugl og fisk. Men det vert sagt at det sjeldan gjekk et år uten at det omkom folk i fuglefjellet. I 1891 budde det fem familiar på øya, med 15 storfe og 142 småfe, og i 1910 var det 66 innbyggjarar her. Det har budd rundt 10 familiar her på det meste, i tillegg til tilreisande fiskarar i sesongane. Folk frå øyane rundt kom òg til øya for sanking av egg om våren og multer om hausten. I tillegg til utnyttinga av naturressursane, vart det drive jordbruk på øya. Dette var viktig spesielt i dei periodane øya på grunn av dønningane var isolert frå omverda.

Fiskevær[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1900 og 1920 hadde Nord-Fugløy si stordomstid som fiskevær, ein stor småbåtflåte dreiv no fiske frå øya. I 1901 låg det 25 mann på vinterfiske her. Same år fekk Indre Gamvik betra støa og murt ein liten molo, noko som kunne gje vern for 50-60 småbåtar. Det vart bygd kai, brygge, rorbuer, pakkhus, tranbrenneri og damperi, butikk, smie, styrarbustad, og det vart sett opp fiskehjeller. Moloanlegget vart øydelagd av storm alt første vinteren, og måtte byggast opp att. Året etter vart òg fleire rorbuer knust av storm. Òg i Laukvik vart det etablert rorbuer, trandamperi, pakkhus, kai og bustad. Nord-Fugløy produserte tørrfisk, saltfisk, russefisk, tran og rogn. Like etter hundreårskiftet 1900 fekk Nord-Fugløy òg skule, dampskipsanløp i 1906 og postkontor nokre år seinare. Dampskipa med post og passasjerar kunne derimot ha mange veker med opphald mellom kvart anløp når det var uvêr. Rundt 1930 fekk øya radiotelefonsamband med omverda.

Turistar og diktarar[endre | endre wikiteksten]

Forfattaren Nordahl Grieg vitja Nord-Fugløy på 1930-talet. Han ønska å lage ein spelefilm frå øya, men vart hindra av at den andre verdskrigen braut ut. Han nytta derimot inntrykka frå Nord-Fugløy då han skreiv minnediktet sitt til Viggo Hansteen i 1942-1943, der han omtalar den store grasbrannen i fuglefjellet. I mellomkrigstida vitja fleire kjende personar Nord-Fugløy, mellom andre Carl Schøyen, Karl Evang og den svenske forfattaren S. Rosendal.

Fråflytting[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen gjekk det tilbake med samfunnet på Nord-Fugløya. Motoriseringa av fiskeflåten gjorde at nærleik til fiskebankane ikkje vart like viktig som før, og dei dårlege hamneforholda på øya gjorde sitt til nedgangen av aktivitet og busetnad. I 1951 vart postkontoret nedlagt og like etter flytta dei siste fastbuande frå øya. Nord-Fugløy er no freda med sterke restriksjonar på landstiging. Men framleis vert det drive med sanking av egg og multer i sesongane av grunneigarane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.