Nord-Gudbrandsdal tingrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
██  Domsokn i Oppland fylke. Nord-Gudbrandsdal tingrett er markert med raudt.

Nord-Gudbrandsdal tingrett er ein førsteinstansdomstol under Eidsivating lagdømme, og ligg i Vågåmo i Oppland fylke. Han dekker dei nordlege delane av Gudbrandsdalen, eller kommunane Dovre, Lesja, Lom, Nord-Fron, Sel, Skjåk og Vågå. Domstolen består av sorenskrivar Ståle Hovden og éin dommarfullmektig.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Nord-Gudbrandsdal heradsrett har funnest like lenge som det norske sorenskrivarembetet, unnateke perioden 1719-1731, då domstolane i Nord- og Sør-Gudbrandsdal var slegne saman. Domssoknet femna opphavleg om same område som i dag, og dessutan Sør-Fron og Øvre Folldal. I 1734 blei både Nord-Fron og Sør-Fron overflytta til Sør-Gudbrandsdal heradsretts domssokn, og 1864 blei Øvre Folldal overflytta til Nord-Østerdal domssokn. Nord-Fron kom tilbake til Nord-Gudbrandsdal i 1909, men høyrde i perioden 1966-1977 på ny til Sør-Gudbrandsdal. I 2002 blei nemninga endra til Nord-Gudbrandsdal tingrett.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]