Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1905

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
4. NM i fotball for menn
Sesong1905
TittelforsvararOdd
Finaledato10. september
VinnarOdd (3. tittel)
FinalistAkademisk Fodboldklub
Lag i alt4
Kampar3
Mål7 (2.33 pr kamp)
FinaleresultatOdd - Akademisk Fodboldklub 2-1
ArenaGamle Frogner stadion
FinaledommarArthur Nordlie, Lyn
Tilskodarar3000
1904
1906

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1905 vart vunnen av Odd etter finalesiger 2-1 over Akademisk Fodboldklub den 10. september. 3000 tilskodarar såg kampen som vart spelt på Gamle Frogner stadion i Kristiania. Dommar var Arthur Nordlie, Lyn.
Dette var tredje gongen Odd vann ein noregsmeisterskap.

Odds vinnarlag: Andrew Johnsen, Guttorm Hol, Erling Jensen, Bernhard Halvorsen, Fridtjof Nilsen, Ingvald Ustad, Peter Hol, Johan Nilsen, Øivind Gundersen, Berthold Pettersen, Daniel Gasmann.

Akademisk FKs: Michael Kaas, Oskar Strugstad, Alf Killen, Henning Wiese, Erling Lorck, Kristian Wiese, Thorvald Torgersen, Alf Bang, Nikolai Ramm Østgaard, Waldemar Lie, Severin Heyerdahl.

Avviklinga av meisterskapen[endre | endre wikiteksten]

På tinget til Norges Fotballforbund i april 1905 vart det avgjort at berre éin klubb frå kvart distrikt (krins) kunne delta i noregsmeisterskapen.[1] På dette tidspunktet fanst det berre éin krins (Smaalenenes krets), men i løpet av sommeren vart det stifta krinsar i Vestfold (alle klubbane frå Grenland til Drammen) og Oplandene. Odd slo Urædd om retten til å representere Vestfold, Fredrikstad slo Sarpsborg i Østfold, medan Eidsvold IF vart plukka ut frå indre austland utan at nokre kvalifiseringskampar var arrangerte.[2] Kristiania krets vart stifta først etter at meisterskapen var halden, men hovudstaden var likevel representert av Akademisk Fodboldklub, som vann ei kvalifiseringsturnering med fem lag.[2]

Meisterskapen vart arrangert på Gamle Frogner stadion 9. og 10. september. Det hadde regna kraftig i forkant, og finalen vart i Norsk Idrætsblad omtalt som «den mest storslagne vandpantomime, man kunde tænke sig».[2]

Semifinalar[endre | endre wikiteksten]

9. september

Finale[endre | endre wikiteksten]

10. september

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Peder Chr. Andersen (1927). Norges Fotballforbund gjennem 25 år. Oslo. s. 45-46. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Andersen, Espen (2007). Det store gjennombruddet. Norsk fotballs kulturhistorie 1885-1925. Oslo. s. 217-225. ISBN 9788250204102.