Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1919

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
18. NM i fotball for menn
Sesong1919
TittelforsvararKvik
Finaledato12. oktober
VinnarOdd (7. tittel)
FinalistFrigg
Lag i alt42
Kampar52
Mål250 (4.81 pr kamp)
FinaleresultatOdd - Frigg 1-0
ArenaFram sportsplass, Larvik
FinaledommarPeder Christian Andersen, Kristiania Ballklub
Tilskodarar10 000
1918
1920

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1919 vart vunnen av Odd etter finalesiger 1-0 over Frigg den 12. oktober. Målskårar for Odd var Einar Gundersen som skåra i det 13. minutt.

10 000 tilskodarar såg kampen som vart spelt på Fram sportsplass i Larvik. Dommar var Peder Christian Andersen, Kristiania Ballklub. Dette var sjuande gongen Odd vann ein noregsmeisterskap.

Odds vinnarlag : Ingolf Pedersen, Thaulow Goberg, Peder Henriksen, H. Halvorsen, Per Haraldsen, Tidemann Nilsen – Nils Thorstensen, Haakon Haakonsen, Sverre Andersen, Einar Gundersen og Jonas Aas.

Friggs lag: Asbjørn Aamodt, Rolf Semb Thorstvedt, Yngvar Tørnros, Jens Olsen, Ellef Mohn, Gellon Nielsen, Trygve Smith, David Andersen, Per Bekkedahl, Bjarne Olsen og Frithjof Resberg.

1. runde[endre | endre wikiteksten]

  1. Lillestrøm spelte med ni spelarar.

2. runde[endre | endre wikiteksten]

3. runde[endre | endre wikiteksten]

7. september

4. runde[endre | endre wikiteksten]

28. september

Semifinalar[endre | endre wikiteksten]

5. oktober

Finale[endre | endre wikiteksten]

12. oktober, Fram sportsplass, Larvik, 10 000 tilskodarar.

Dommar: Peder Christian Andersen, Kristiania Ballklub.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • www.rsssf.no
  • Andersen, Peder Chr. (1927). Norges Fotballforbund gjennem 25 år. Oslo. s. 221.