Cupfinalen i fotball for menn 2015

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupfinalen for menn 2015 var den siste og avgjerande kampen i Noregsmeisterskapen i fotball for menn, den 110. cupfinalen i Noreg. Kampen stod mellom Rosenborg Ballklub frå Trondheim og Sarpsborg 08, og vart avvikla søndag 22. november 2015 på Ullevaal Stadion i Oslo. Rosenborg vart norsk meister etter å ha vunne 2-0 over motstandaren frå Sarpsborg. Det var tiande gongen klubben vann NM-finalen. 27 500 tilskodarar var til stades på arenaen.

Pål André Helland skåra eitt av måla og vart norsk meister for andre gong

Laga[endre | endre wikiteksten]

Rosenborg BK mønstra fylgjande mannskap: André Hansen, Jonas Svensson, Holmar Eyjolfsson, Jørgen Skjelvik, Mikael Dorsin, Mike Jensen, Ole Selnæs, Fredrik Midtsjø, Pål André Helland, Alexander Søderlund og Yann-Erik de Lanlay. Anders Konradsen kom inn i staden for Midtsjø i det 71. minutt, medan både Tore Reginiussen og Magnus Stamnestrø fekk sleppe innpå heilt på tampen av kampen, Dorsin og Lanlay gjekk av bana.

Sarpsborg 08 stilte med: Duwayne Kerr, Claes Kronberg, Kjetil Berge, Ole Christoffer Hansen, Martin Thømt Jensen, Kristoffer Tokstad, Steffen Ernemann, Bojan Zajic, Amin Askar, Martin Wiig og Patrick Mortensen. I sluttminuttane kom Kachi Ugwuadu, Simen Brenne og Peter Kovacs inn på bana, ut forsvann Mortensen, Jensen og Hansen.

Måla[endre | endre wikiteksten]

Pål André Helland gav Rosenborg leiinga i det 22. minutt på eit skot i nettaket frå kort hald. Dansken Mike Jensen la på til 2-0 etter 39 minuttar på ein susar frå hjørnet av straffefeltet. Begge måla kom etter hjørnespark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

dagbladet.no