Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1982

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
77. NM i fotball for menn
Sesong1982
TittelforsvararLillestrøm
Finaledato24. oktober
VinnarBrann (5. tittel)
FinalistMolde
SemifinalistarMoss og Viking
FinaleresultatBrann - Molde 3-2
ArenaUllevaal Stadion
FinaledommarTorbjørn Aass
Tilskodarar24 000
1981
1983

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1982 var ei fotballturnering som i året 1982 vart arrangert for 77. gong. Brann vart noregsmeister etter å ha vunne finalekampen på Ullevaal stadion i Oslo den 24. oktober med 3-2 over Molde FK. Brann vann dermed noregsmeisterskapen for femte gong.

1. runde[endre | endre wikiteksten]

   

2. runde[endre | endre wikiteksten]

   

3. runde[endre | endre wikiteksten]

   

4. runde[endre | endre wikiteksten]

 

Kvartfinalar[endre | endre wikiteksten]

Semifinalar[endre | endre wikiteksten]

Finale[endre | endre wikiteksten]

For Brann spela: Stein Norstad, Hans Brandtun, Bjørn Erik Brandt, Tore Strand, Asgeir Kleppa, Geir Austvik, Kjell Rune Pedersen (Terje Rolland frå 83.), Arne Møller, Neil McLeod, Ingvar Dalhaug (Øyvind Pettersen frå 64. min.) og Finn Krogh. Tre minuttar før slutt vart innbytaren Pettersen utvist.

For Molde spela: Inge Bratteteig, Tor M. Hagbø, Bertil Stranden, Ulrich Møller, Per Arne Aase, Geir Malmedal, Rune Ulvestad, Ivar Helge Mittet, Stein Olav Hestad, Jan Berg og Steinar Henden.

Geir Austvik gav Brann leiinga i det 17. minutt, Rune Ulvestad utlikna fire minuttar seinare. Steinar Henden gav så Molde leiinga i det 37. minutt, fem minuttar seinare utlikna Branns Ingvar Dalhaug til 2-2. Neil McLeod avgjorde kampen med si skåring idet 58. minutt.

Omkring 24 000 tilskodarar var til stades på tribunane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]