Norsk harpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk harpe (bondeharpe, bygdeharpe, folkeharpe, trekantharpe) er ein liten norsk variant av ei klassisk harpe. Dei norske variantane blir gjerne kalla bondeharper eller bygdeharper, til skilnad frå klassisk harpe, som gjekk under namnet byharpe. Den norske harpa forsvann ut av bruk i Noreg i 1823, og har seinare blitt gjenoppdaga. Det er funne heile 9 forskjellige harper i Noreg.

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Det finst norske harper med både éin og to resonanskasser, og historiske kjelder tyder på at dei kan vera meinte for å legga ned på eit bord (eller ei anna resonanskasse) for å få sterkare lyd. Den hyppigast kopierte norske harpa er ein modell frå Selbu med éi resonanskasse.

Historisk er det belegg for at harpar blei sett opp med strenger av dyretarmer, medan harpar som er sett opp på musea er monterte med metallstrenger. Dette gir ein klangforskjell som kan minna om ein gitar med nylonstrenger samanlikna med ein med stålstrenger. Det er òg problem med å få tradisjonelle norske harper til å halda stemminga ved bruk av stålstrenger, då desse vil skjera seg inn i stemmenøklane, som er av tre på tradisjonelle harpar. Frå andre land er det kjent tilsvarande instrument med stemmenøklar av metall.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange omtalar av harpa i norrøn litteratur, og det kan verka som om ho var det mest brukte instrumentet på denne tida. Omtalar finn ein mellom anna i eddadikt, i balladen om Sigurd Svein, i Soga om Ragnar Lodbrok og i andre norrøne soger.

På grunn av at omtale i kjent historisk litteratur er avgrensa til rolla musikkinstrumentet spelte, og i lita grad omtaler kva slags instrument det er snakk om, er det spekulert ein del i om kvar grensene går mellom langeleik, zither og bygdeharpe. I ei omtale frå 1852 skildrar N.R. Østgaard ei krogharpe i samband med feiring av eit bryllaup på Tynset: «Krogharpen, et Instrument som fordum var temmeleg almindelig i de Østerdalske Fjellbygder, men dessverre er gaaet aldeles av brug, ligner i Formen en sædvanlig Harpe paa det nær, at den har Metalstrenger og at Sangbunnen ligger horisontal. Den har sterkere Klang end Langelegen, med hvilken den elles har noget tilfelles i Tonen.»

Tilsvarande folkemusikkinstrument er kjente frå andre land, til dømes små fangharper frå jødisk folkemusikk og mellomstore harper med føter frå irsk og keltisk folkemusikk.

Ved Ole Bull-akademiet blir det formidla kunnskap om slike folkeinstrument. Spelemanslaget i Gjøvik har òg grupper for trekkspel, langeleik og ei eiga gruppe der ein kan bygga instrument som harpe.

Ny musikk[endre | endre wikiteksten]

Nyare bruk av norsk harpe i musikk er ein avbroten tradisjon, og bruken blir derfor improvisert. Noko er kjent om kva som blei spelt før, mellom anna skriv Østgaard om at det blei spelt salmar, men allereie i 1851 var instrumentet på veg ut og det er usikkert om observasjonane hans er gyldige generelt.

Musikarar som er kjende for å eksperimentera med norsk harpe er mellom anna Sverre Jensen, Tone Hulbækmo, Åshild Watne og Stein Villa. Hulbækmo var den fyrste som brukte ei norsk folkeharpe på ei musikkutgiving, dette skjedde i 1983.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Aksdal, Bjørn; Med piber og basuner, skalmeye og fiol – Musikkinstrumenter i Norge ca. 1600-1800
  • Bing, Morten; Kompendium om de norske bygdeharper, Norsk Folkemuseum
  • Artikkel om House of Harrari, Dagen 13.5.94
  • Grinde, Nils; Norsk Musikkhistorie, Universitetsforlaget
  • Harrari, Shoshanna og Micah; Kompendium om bibelske harper
  • Sørensen, Steinar; Nytt om gammalt, Glomdalmuseets årbok. 1987
  • Aksdal, Bjørn; «Sekkepipe og bondeharpe. En kort kildekritisk vurdering av instrumentenes forekomst i eldre norsk folkemusikktradisjon», I: Studia musicologica Norvegica. 8 (1982), s. 109 – 123