Norsk raudliste for artar 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Raudlisting


Global raudlisteNorsk raudliste


Utrydda artUtrydda artUtrydda i vill tilstandKritisk trugaSterkt trugaSårbar artNær trugaTruga artLivskraftigLivskraftigStatus iucn3.1.svg

Norsk raudliste for artar 2010 er ei liste som gir ein prognose for kor stor risiko det er for at dei opplista artane vil døy ut i Noreg. Artsdatabankenhar utarbeidd lista som eit verktøy i naturforvaltinga. Lista avløyste Norsk raudliste 2006. Vurderingane er tufta på Den internasjonale naturvernorganisasjonen (IUCN) sine kriterium, sjå den globale raudlista. Arbeidet med Raudlista er utført av 26 ekspertkomitear som til saman har vurdert tilstanden for rundt 21 000artar. Dette er nær halvparten av dei om lag 40 000 artane vi veit finst i Noreg.

Totalt for Noreg med havområde og Svalbard er 4599 artar raudlista, og 2398 av desse er vurdert å vere truga artar. 125 artar har døydd ut i Noreg etter 1900.

Artsdatabanken har òg sett opp ei svarteliste med framande artar som kan spreie seg i norsk natur.

Kriteria for Norsk raudliste 2010[endre | endre wikiteksten]

Raudlisteartar[endre | endre wikiteksten]

  • Utdøydd – EX (extinct)
  • Utdøydd i vill tilstand – EW (extinct in the wild)
  • Regionalt utdøydd – RE (regionally extinct)
  • Kritisk truga - CR (critically endangered)
  • Sterkt truga - EN (endangered)
  • Sårbar – VU (Vulnerable)
  • Nær trua – NT (Near threatened)
  • Datamangel – DD (Data deficient)

Truga artar[endre | endre wikiteksten]

  • Kritisk truga - CR (critically endangered)
  • Sterkt truga - EN (endangered)
  • Sårbar – VU (Vulnerable)

Andre kategoriar[endre | endre wikiteksten]

  • Livskraftig - LC (least concern)
  • Ikkje egna - NA (not applicable)
  • ikkje vurdert - NE (not evaluated)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]