Norske Billedkunstnere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norske Billedkunstnere
Org.nummer970261354
Skipa1989
HovudkontorOslo

Norske Billedkunstnere (NBK) er ein fagorganisasjon for profesjonelle biletkunstnarar i Noreg. NBK er ein paraplyorganisasjon for 20 sjølvstendige organisasjonar for biletkunst – 16 distriktsorganisasjonar og seks fagorganisasjonar – med til saman over 2 900 medlemmar (2017). Organisasjonen er arrangør av Haustutstillinga og gjev ut fagbladet Billedkunst.

Historie[endre | endre wikiteksten]

NBK blei stifta i 1975 som Norske Billedkunstneres Fagorganisasjon, ein fagpolitisk organisasjon som skulle fungera saman med det eksisterande og fagtekniske Bildende Kunstneres Styre (BKS) som var blitt danna allereie 1888. Dette skiljet blei seinare oppheva gjennom danninga av fellesorganisasjonen Billedkunstfaglig Sentralorganisasjon (ogsaa BKS). Billedkunstfaglig Sentralorganisasjon og Norske Billedkunstneres Fagorganisasjon (NBFO) blei slått saman til dagens NBK i 1989.

Oppgåver og administrasjon[endre | endre wikiteksten]

NBK arbeider for å ivareta dei faglege, ideelle, økonomiske og sosiale rettane og interessene til norske biletkunstnarar. NBK arrangerer kvart år Haustutstillinga og tidlegare Stipendutstillinga i Kunstnernes Hus i Oslo, og fungerer som innstillingsorgan for statlege og andre stipend- og støtteordningar. NBK eig og gjev ut fagbladet Billedkunst.

Norske Billedkunstnere består av ein administrasjon og eit styre, og har kontorlokale i Akersgata 7 i Oslo.

Grunnorganisasjonar og medlemmar[endre | endre wikiteksten]

NBK har rundt 2 900 enkeltmedlemmer som fordeler seg på 20 grunnorganisasjonar; seks landsomfattande fagorganisasjonar og 14 distriktsorganisasjonar.

Ifølgje vedtektene til NBK kan ein ikkje vera medlem direkte i NBK, men må søkja opptak i ein av dei 20 grunnorganisasjonane (sjå NBKs vedtekter, § 2-1). Opptak i grunnorganisasjonane skjer på grunnlag av utdanning, utstillingar og innkjøp.

Det har blitt stadig meir vanleg blant kunstnarar å jobba i fleire teknikkar samtidig og parallelt. I tillegg til dei tradisjonelle kunstformene (skulptur, teikning, grafikk, tekstil og måleri) arbeider dessutan mange kunstnarar innanfor samlenemninga «andre teknikkar», det vil seia foto, film, performance, lyd osb.

Landsomfattande grunnorganisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Distriktsorganisasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Bildende Kunstnernes Forening Bergen (Hordaland) (BKFH), etablert i 1931.
  • Bildende Kunstnere Møre og Romsdal (BKMR), etablert i 1931.
  • Bildende Kunstneres Forening Rogaland (BKFR), etablert i 1932, reetablert i 1947.
  • Trøndelag Bildende Kunstnere (TBK), etablert i 1931, reetablert i 1947.
  • Billedkunstnere i Telemark (BiT), etablert i 1971. BiT driv saman med Norske Kunsthåndverkere Sør-Norge Telemark kunstnersenter, som blei skipa i 1983.
  • Nordnorske Bildende Kunstnere (NNBK), etablert i 1971.
  • Billedkunstnere i Oppland (BKO), etablert i 1971.
  • Norske Billedkunstnere – Agder (NBK-A), etablert i 1972.
  • Buskerud Bildende Kunstnere (BBK), etablert i 1976.
  • Bildende Kunstnere Hedmark (BKH), etablert i 1976.
  • Vestfold Bildende Kunstnere (VBK), etablert i 1976.
  • Østfold Bildende Kunstnere (ØBK), etablert i 1977.
  • Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane (BKSF), etablert i 1978.
  • Billedkunstnerne i Oslo og Akershus (BOA), etablert i 2002 ved ei samanslåing av Akershus Bildende Kunstneres Forening (ABKF) og Oslo Bildende Kunstnere (OBK).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]