Bydel Nordre Aker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bydel Nordre Aker
bydel
Land  Noreg
Kart
Bydel Nordre Aker
59°57′2″ N 10°46′2″ E
Bydel Nordre Aker i høve til dei andre bydelane i Oslo.
Bydel Nordre Aker i høve til dei andre bydelane i Oslo.
Bydel Nordre Aker i høve til dei andre bydelane i Oslo.
Wikimedia Commons: Bydel Nordre Aker

Bydel Nordre Aker er ein administrativ bydel i Oslo med eit areal på 13,6 km². Bydelen ligg mellom bydel Bjerke i Groruddalen, og på ei stutt strekning bydel Grünerløkka, i aust, og Sognsvannsbekken i vest, der bydelen grensar til bydel Vestre Aker, og dessutan på ei stutt strekning til bydel Frogner. I sør grensar bydelen til bydelane St. Hanshaugen og Sagene, i nordaust til Lillomarka.

Bydelen vart skipa ved bydelsreforma i 2004, då talet på bydelar i Oslo vart minska monaleg i høve til den opphavlege inndelinga i administrative bydelar frå 1988. Bydel Nordre Aker vart såleis skipa ved å slå saman dei to dåverande bydelane Sogn og Grefsen-Kjelsås, og leggje til stroka Ullevål hageby, Blindern og Nedre Tåsen frå den dåverande bydelen St. Hanshaugen-Ullevål, og stroket Gaustad frå den dåverande bydelen Vindern.

Namnet Nordre Aker er eit namn som vart funne på i samband med bydelseforma i 2004, og har tidlegare korkje vore nytta om område eller bydelar i Oslo eller i den tidlegare kommunen Aker. Bydelen samsvarar i utstrekning med den delen av den tidlegare kommunen Aker som før samanslåinga i 1948 låg mellom byen Oslo i sør og byggjegrensa mot Marka i nord.

Bydelen er mellom dei største i Oslo med omsyn til talet på busette og til talet på arbeidsplassar. Arbeidsplassane ligg for det meste i vest, der Universitetet i Oslo, Forskningsparken, Meteorologisk institutt, Rikshospitalet (som inngår i Oslo universitetssykehus), Norges Idrettshøgskole, Riksarkivet og Statsarkivet i Oslo ligg, og i Nydalen-Sandakerområdet, der mellom anna Handelshøyskolen BI og fleire andre verksemder har tilhald. Ullevaal Stadion, der det òg er kontorlokale for mykje av den nasjonale idrettsadministrasjonen, og Norsk Teknisk Museum, ligg likeiens i bydelen. Bydelsadministrasjonen har tilhald i Nydalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bydel Nordre Aker