Hopp til innhald

OGAE Second Chance Contest 1987

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
OGAE Second Chance Contest 1987
Dato
Finalen 1987
Vertskap
Stad Huizen i Nederland
Kringkastar OGAE Nederland
Deltakarar
Deltakarland 4
Debuterte Nederland
Noreg
Storbritannia
Sverige
Vinnar
Land Sverige
Song «Högt över havet»
Artist Arja Saijonmaa
OGAE Second Chance Contest
OGAE Second Chance Contest 1988

OGAE Second Chance Contest 1987 (OGAE SCC 1987) var den fyrste gongen OGAE Second Chance Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Huizen i Nederland. Sverige vann tevlinga med songen «Högt över havet», framført av Arja Saijonmaa.

Fire land var med i den fyrste tevlinga - Nederland, Noreg, Storbritannia og Sverige - og kvart land deltok med to songar kvar. Det er den fyrste og førebels einaste gongen kvart land har delteke med to bidrag kvar.

For å kunne deltake i OGAE Second Chance Contest 1987 måtte ein ha delteke i av dei nasjonale uttakingane til Eurovision Song Contest 1987, men hadde ein vunne ein nasjonal uttaking fekk ein ikkje delteke.

Kvart land deltok med to songar kvar. Sverige vann. Det fyrste bidraget til Noreg og det andre bidraget til Nederland enda på ein delt andreplass og det fyrste bidraget til Sverige og det andre bidraget til Noreg enda på ein delt sjetteplass.

# Land Artist Song Språk Nasjonal uttaking Poeng Plass
01 Storbritannia Ann Turner «Too Hot to Handle» Engelsk Andreplass 16 4
02 Nederland Marcha «Big Ben of Notre-Dame» Nederlandsk Andreplass 14 5
03 Noreg Kjersti Bergesen «Go-Go» Norsk Tredjeplass 20 2
04 Sverige Cyndi Peters «När morgonstjärnen brinner» Svensk Tredjeplass 12 6
05 Storbritannia Zuice «Bless Your Lucky Stars» Engelsk Tredjeplass 6 8
06 Nederland Marcha «Morgen» Nederlandsk Tredjeplass 20 2
07 Noreg Håkon Iversen «Mange millioner» Norsk Andreplass 12 6
08 Sverige Arja Saijonmaa «Högt över havet» Svensk Andreplass 24 1