OGAE Second Chance Contest 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
OGAE Second Chance Contest 2010
Dato
Vertskap
Stad København i Danmark
Deltakarar
Deltakarland 22
Debuterte Armenia
Aserbajdsjan
Bulgaria (ROW)
Attende Kypros
Malta
Russland
Tyskland
Trekte seg Andorra
Estland
Moldova
Nederland
Slovakia
Vinnar
OGAE Second Chance Contest
OGAE Second Chance Contest 2009 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg OGAE Second Chance Contest 2011

OGAE Second Chance Contest 2010 (OGAE SCC 2010) var den tjuefjerde gongen OGAE Second Chance Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i København i Danmark, etter at Danmark vann tevlinga i 2009, med songen «Someday» av Hera Björk.[1]

For å kunne deltake i OGAE Second Chance Contest 2010, måtte ein ha delteke i ein av dei nasjonale finalane i Eurovision Song Contest 2010; men om eit bidrag hadde vunne ein nasjonal finale, kunne ikkje bidraget deltake i OGAE Second Chance Contest.

Tjueto land deltok i tevlinga. Armenia, Aserbajdsjan og Bulgaria (for OGAE Rest of the World) deltok i tevlinga for fyrste gong, medan Kypros, Malta, Russland og Tyskland returnerte til tevlinga. Andorra, Estland, Moldova, Nederland og Slovakia, som deltok i 2009, deltok ikkje i 2010-utgåva av OGAE Second Chance Contest.[1]

Sverige vann OGAE Second Chance Contest for trettande gong, med songen «Kom» av Timoteij.[2]

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land[2] Artist Song Språk Plass Poeng Nasjonal finale
Plass
01 Bulgaria (ROW) Miro «Twist and Tango» Engelsk 21 1 2
02 Spania Coral Segovia «En una vida» Spansk 4 167 2
03 Russland Antonello Carozza «Senza respiro» Italiensk 15 11 8
04 Serbia Emina Jahović «Ti kvariigro» Serbisk 11 64 2
05 Hellas Yorgos Karadimos «Polemao» Gresk 8 102 3
06 Makedonia Darko Ilievski «Lagi» Makedonsk 15 11 14
07 Kroatia Valungari «Vol or ne vol» Kroatisk 19 4 3
08 Irland Monika Ivkic «Fashion Queen» Engelsk 15 11 3
09 Slovenia Nina Pušlar «Dež» Slovensk 12 54 2
10 Malta Glen Vella «Just a Little More Love» Engelsk 20 3 2
11 Portugal Catarina Pereira «Canta por mim» Portugisisk 3 203 2
12 Tyskland Jennifer Braun «I Care for You» Engelsk 7 105 2
13 Armenia Emmy og Mihran «Hey (Let Me Hear You Say)» Engelsk 15 11 2
14 Israel Harel Skaat «Le'an» Hebraisk 5 161 2
15 Kypros Konstantínos Khristofórou «Angel» Engelsk 10 73 2
16 Noreg A1 «Don't Wanna Lose You Again» Engelsk 6 138 2
17 Sverige Timoteij «Kom» Svensk 1 262 5
18 Finland Heli Kajo «Annankadun kulmassa» Finsk 9 87 6
19 Polen Anna Cyzon «Love Me» Engelsk 13 24 2
20 Litauen Evelina Sašenko «For This I'll Pray» Engelsk 14 20 3
21 Danmark Bryan Rice «Breathing» Engelsk 2 223 2
22 Aserbajdsjan Milk & Kisses «I Am On Fire» Engelsk 22 0 Uplassert

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «OGAE Second Chance Contest 2010». ESCGermany.de. Henta 31. oktober 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Sverige vinner OGAE Second Chance Contest». ESCNorge.no. Henta 31. oktober 2010. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]