Å kom nå med lovsang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå O Come All Ye Faithful)
Melodien til «Å kom nå med lovsang».
Ein kyrkjelyd syng «O Come, All Ye Faithful» på gudsteneste første juledag.

«Å kom nå med lovsang», opphavleg latinsk «Adeste fideles» og seinare engelsk «O come all ye faithful» er ein julesalme som truleg blei skriven og komponert av den engelske katolikken John Francis Wade på 1700-talet. Det er også lagt fram teoriar om eldre opphav, men Wade er det tidlegaste namnet som kan knytast til songen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Adeste fideles laeti, triumphantes;
Venite, venite in Bethlehem:
Natum videte Regem Angelorum

Førsteverset på latin

Den latinske teksten og melodien blei først utgjevne i Wade si songsamling Cantus Diversi (1751). Songen kom også ut i Evening Offices of the Church frå 1760 og An Essay on the Church Plain Chant av Samuel Webbe frå 1782.

Som katolikk måtte Wade flykta frå Storbritannia etter jakobittopprøret i 1745, og budde resten av livet i Frankrike. Den franske abbeden François Borderies dikt tre fleire vers til songen i 1882, som ofte er sett inn som nummer tre og fem til sju. Det finst også endå eit latinsk vers av ein ukjend diktar, men dette blir sjeldan trykt. I den katolske kyrkja bruker ein hovudsakleg den latinske teksten, medan andre kyrkjesamfunn har teke i bruk omsetjingar.

Salmen er mellom anna fast innhald i Nine Lessons and Carols ved King's College i Cambridge.

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Salmen blei omsett til engelsk som «O Come, All Ye Faithful» av den katolske presten Frederick Oakeley i 1852.

Den best kjende norske omsetjinga er «Å, kom nå med lovsang» av Per Lønning. Han finst på svensk som «Dagen är kommen».

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt inn ei rekkje gonger, mellom anna av artistar som Frank Sinatra, Bing Crosby, Nat King Cole, Elvis Presley, Celine Dion, Josh Groban, Twisted Sister, Brian McKnight, Mariah Carey, Christian Bautista, Jim Reeves, Tennessee Ernie Ford, Enya, Take 6 og Joe McElderry.

Dei norske kora Nidarosdomens guttekor, Oslo domkirkes guttekor og Sølvguttene har alle spelt inn songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Adeste fideles» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til Adeste Fideles ved Wikisource (la).