Odd Lundberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Lundberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. oktober 1917
Brandbu
Død

7. mars 1983 (65 år)
Oslo

Yrke skøyteløpar
Odd Lundberg på Commons

Odd Harald Lundberg (3. oktober 19177. mars 1983) var ein norsk skeiseløpar frå Brandbu i Oppland. Han vart både verdsmeister og norsk meister på skeiser i 1948. Lundberg var medlem i Jaren Idrettslag til 1938, deretter tre år i Brandbu Idrettsforening, perioden 1941-56 i Oslo Idrettslag og frå 1956 til -60 i Oslo Skøiteklub.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lundberg kom på tredjeplass under NM 1946 og på andreplass i NM 1947 i Trondheim. Her hadde han beste samanlagtsum, men måtte sjå at Henry Wahl vart noregsmeister med tre distansesigrar, i to av distanseløpa delte han til og med sigeren med Lundberg.

Ved noregsmeisterskapen 1948 i Drammen vann Lundberg ein suveren siger, trass i at han ikkje vart betre enn nummer tre i nokon av enkeltløpa. Under Vinter-OL 1948 i St. Moritz vann han sølvmedaljen på 5000 m, slått med vel tre sekundar av landsmannen Reidar Liaklev, før han dagen etter tok bronsemedaljen på 1500 m. Ei veke seinare enda han på tredjeplass ved EM på Hamar, før han siste helga i februar vart verdsmeister i Helsinki, over eitt tidspoeng framom Johnny Werket frå USA og norske Henry Wahl.

Lundberg vart berre nummer fire i NM 1949 i Tønsberg, men vart beste nordmann på tredjeplass under EM 1949 på Bislett stadion i Oslo. Eitt år seinare syrgde han for dobbeltsiger då Hjalmar Andersen vann sin fyrste internasjonale triumf under europameisterskapen 1950 i Eskilstuna.

Lundberg sette sine endelege personlege rekordar på 5 000 m og 10 000 m i mars 1958, 40 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]