Oddvard Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oddvard Nilsen
Oddvard Nilsen.jpg
Fødd24. juni 1940
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
BarnTom-Christer Nilsen, Trond Erik Nilsen

Oddvard Nilsen (fødd 24. juni 1940) er ein tidlegare norsk politikar for Høgre. Han var ordførar i Askøy kommune 1990–1993, innvald på Stortinget frå Hordaland 1993–2005 og parlamentarisk leiar for Høgre 2001–2005.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Nilsen er son av murarsvenn Odd Nilsen (1917–1964) og industriarbeidar Ellinor Jensen (1917–2003). Farsslekta verka innan murarfaget i fleire generasjonar.[1] Oddvard Nilsen er gift med Torill Nilsen (1948–), som var medlem av Askøy kommunestyre 1995–2003.[2] Paret har tre søner saman, mellom dei fylkesordføraren Tom-Christer Nilsen (f. 1969) og friidrettsutøvaren Trond Erik Nilsen (f. 1972).

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter militær grunnutdanning tok Nilsen lærarskulen som privatist. Han har òg vore trenar og styremedlem i Norges Friidrettsforbund. Nilsen har bakgrunnen sin frå skuleverket, og har vore rektor ved Kleppestø og Ravnanger ungdomsskular på Askøy. Han var leiar i Hordaland Høgre 1990–1994 og medlem av Høgres arbeidsutval 1996–2005. I stortingsperiodane 1993–2001 sat han i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité, siste perioden som leiaren av komiteen. I perioden 2001–2005 var han medlem av Stortingets utanrikskomité. Då Jan Petersen vart utanriksministar, vart Nilsen valt til parlamentarisk leiar.

Etter tida på Stortinget var Nilsen styreleiar i Helse Vest RHF 2005–2014.[3]

Oddvard Nilsen vart den 11. mars 2006 utnemnt til æresmedlem av Hordaland Høgre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Granheim, Eva (17. august 1993). «Skyggeportrettet. Liker å prestere». Bergens Tidende: 21. 
  2. «Torill Nilsen». Høyre. Henta 28. mars 2014. 
  3. Pedersen, Kari (19. desember 2013). «Vareberg blir styreleder i Helse Vest». Stavanger Aftenblad. Henta 28. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]