Oktobass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oktobass

Eric Chappell spelar på ein oktabass i l'Orchestre symphonique de Montréal.
Klassifiseringbokslutt med hals spelt på med boge
Hornbostel-Sachs klassifisering321.322-71

Oktobass er det største av alle instrumenta i fiolinfamilien. Det går lågare og spelar høgare enn ein kontrabass. Det er så uvanleg at det finst berre nokre få i heile verda.

Histori[endre | endre wikiteksten]

Oktobassen til Musée de la musique i Paris. Dette instrumentet har ei høgd på 3,87 meter.

Instrumentet stammar frå 1800-talet. Den franske kontrabassisten Dubois fekk laga ein oktabass i 1834[1]. Fiolinbyggaren Jean-Baptiste Vuillaume forbetra instrumentet i 1849 og fekk bygd tre eksemplar; det eine av desse er no ved Musée de la musique i Paris, eit i Wien og det tredje trur ein gjekk tapt under ein brann i Drury Lane-teateret i London[2]. I 1995 bygde fiolinbyggaren Pierre Bohr ein ny oktabass for kontrabassisten Nicola Moneta. Dette instrumentet går ein og ein trdejedels oktav lågare enn ein kontrabass[3]. I 2007 bygde fiolinbyggaren Antonio Datti enda ein oktabass. I 2011 bygde fiolinbyggaren Jean-Jacques Pagès, i den franske kommunen Mirecourt, ein kopi av oktabassen til Cité de la musique-Philharmonie de Paris, som han donerte til kommunen sin. I 2016 bygde Pagès ein oktabass til l'Orchestre symphonique de Montréal; dette instrumentet vert spela på av kontrabassisten Éric Chappell[4]. Det lukkast å finansiera bygginga av to oktabassar til, som var bygde av Pagès, så symfoniorkestret i Montreal har no tre oktabassar. Det er ikkje kjend at andre orkester nyttar oktabass. Strengene til dei nye instrumenta vart laga i ateliet til Cuerdas Frechina i Paris. For å få låg nok resonansfrekvens er den lågaste strengen laga av tarmar spunnen saman med sølvtrådar, medan dei to andre er laga av tarmar.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Høgda på instrumentet er frå 3,5 til 4 m. Ein oktobass har berre tre strengjer og er vanlegvis stemt C, G, C. Den lågaste C-strengen har ein resonansfrekvens på 16,25 Hz. C0 er ein oktav under lågaste C på et piano, og to oktavar under lågaste C på ein cello, eller ein og ein tredjedels oktav lågare enn ein vanleg kontrabass. Dette er lågare enn eit menneske høyrer, som vert rekna til 20 Hz. På grunn av at resonanskassen på ein oktabass er mykje større enn på ein kontrabass genererer han eit høgare lydtrykk enn ein kontrabass.

På grunn av at instrumentet er så høgt når ikkje utøvaren opp til gripebrettet. Instrumentet har difor eit lite tastatur på halsen, med tangentar som styrer kvar strengane skal klemmast ned til gripebrettet. For å nå opp til gripebrett og strengene står utøvaren på ein liten knakk, som er bygd saman med instrumentet.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Komponisten Hector Berlioz nytta oktabassen i nokre av verka sine, til dømes i Te Deum. Instrumentet som fanst på Berlioz si tid gjekk berre ein tredjedels oktav lågare enn ein kontrabass. Men instrumentet slo ikkje igjennom og Anton Bruckner, Gustav Mahler, Richard Strauss og Igor Stravinskij nytta av og til kontrabassar med ein femte streng, som gjorde deg muleg å gå ned til ut1 og nokre gongar vart ein lengre streng nytta. Oktabassen gjekk difor i gløymeboka, heilt til det vart bygd nokre nye instrument frå 1995 og utover.

Referanar[endre | endre wikiteksten]

  1. L.-A. Doulcet Le Pontecoulant, La Musique A L'Exposition Universelle de 1867, Forgotten Books, 2018.
  2. J.-B. Vuillaume, Octabasse, Cité de la musique philharmonie de Paris
  3. N. Moneta, Sito ufficiale dell'Octobasse.
  4. Radio-Canada, L'OSM inclura une octobasse, le plus grand instrument à cordes au monde, 18/6-2019.