Ola Bremnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola Bremnes

Fødd18. april 1955 (68 år)
FødestadSvolvær
FødenamnOla Martin Bremnes
OpphavNoreg
PlateselskapKirkelig Kulturverksted
Verka sommusikar, skribent, plateartist
FarOle H. Bremnes
BornInge Bremnes
PrisarBlixprisen, Kardemommestipendiet, Kvæfjord kommunes kulturpris, Nordland fylkes kulturpris, Nordlysprisen, Spellemannprisen i visesang
Ola Bremnes, Linda Lillevik og Dagfinn Bakke ved lanseringa av boka og plata Fly med!, ei gjenfortelling av sagnet om skarvane frå Utrøst, september 2014

Ola Bremnes (fødd 18. april 1955) er ein norsk musikar, forfattar og trubadur. Med melodien Mi pia, din gutt sette han ny rekord på Norsktoppen med plassering 95 veker på rad.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ola Bremnes er fødd i Svolvær, og han er son til Ole H. Bremnes. Ola Bremnes bur på Bremnes i Kvæfjord i Troms. Han er eldstebroren til musikarane Kari Bremnes og Lars Bremnes.

Han har arbeidd mykje med Petter Dass, blant anna i oppsettinga Vær hilset! (1995) som har vore framført på ei rekke festivalar. Verket Reysetøy var bestillingsverk til Festspillene i Nord-Norge 2001.

Ola Bremnes gav i 2007 ut barneboka Trøbbel i trapesen, illustrert av Odd Henning Skyllingstad.

3. april 2019 opna Ola Bremnes utstilling Olas alfabet i Galleri Nord-Norge i Harstad med 174 eigenproduserte bilde. Ola har òg i fleire år illustrert bøkene til Jens Brekke frå Vik i Sogn.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1980 (2015) – Folk i husan, platedebuten til Kari Bremnes og Ola Bremnes. "13 sanger, innspilt i Arne Bendiksen Studio, Oslo og utgitt på Triola i 1980." (Ny utgåve:) Arne Bendiksen, 2015.
  • 1984 – Mitt navn er Petter Dass med Kari Bremnes, tekstar av Petter Dass og musikk ved Sigvald Tveit, Pro Musica
  • 1992 – Ord fra en fjord, med søskena Kari og Lars Bremnes, tekstar av Ole H. Bremnes, Spinner Records
  • 1980 (1993) – Folk i husan, med Kari, Arne Bendiksen Records (ny utgåve 1993)
  • 1993 – Der trollbåra bryt, nordnorske eventyr lese av Karl Erik Harr, Grappa
  • 1995 – Vær hilset!, med Bodø Domkor, med komponist Bjørn Andor Drage, og musikarane Håvard Lund, Susanne Lundeng, Børge Petersen-Øverleir, Terje Venaas og Finn Sletten. Grappa
  • 1997 (1993) – Så lenge scootern kan gå, barnesongar frå førestillinga med Rikskonsertane 1993, med bl.a. Jan Gunnar Hoff, Grappa, 1997
  • 1998 – Vi som bygger skip, i høve 100-årsjubileet til Kaarbø-verkstaden i Harstad i 1995. Arrangement ved Bjørn Andor Drage. Euridice turn left
  • 1999 – Soløye med søskena Kari og Lars Bremnes, Kirkelig Kulturverksted. Dei vann Spellemannprisen 2000 i klassen viser og viserock for denne plata. Melodien Mi pia, din gutt sette ny rekord på Norsktoppen med 95 veker på rad.
  • 2003 – Livstegn, soloplate, Spinner Records.
  • 2006 – Gudene vet, soloplate, Spell Musikk
  • 2010 – Hav av tid, soloplate, Spell Musikk
  • 2013 – I det blå, Spell Musikk
  • 2015 – Molo, Spell Musikk
  • 2017 – Petters Poetiske Pulver, Spell Musikk
  • 2018 – Fly Med, med Linda Lillevik, Spell Musikk

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1983 – Nu vil vi legge ut, salmer/sanger/viser, Nordnorsk forlag
  • 1997 – Jubel og sang, salmer/sanger/viser, Cappelen.
  • 2001 – Kirkemellom, bildebok, Godstrek
  • 2007 – Trøbbel i trapesen, barnebok, Gyldendal

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. tsk@ht.no, Tore Skadal 48003070- (3. april 2019), «Fargeglade streker», ht.no (på norsk bokmål), henta 21. april 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]