Ola Olstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola Olstad

Fødd22. februar 1885
Øyer kommune
Død15. november 1969
NasjonalitetNoreg
Yrkezoolog, oppdagar
InstitusjonarZoologisk museum

Ola Olstad (22. februar 188515. november 1969)[1] var ein norsk zoolog og polarforskar, og det første menneske som sette sine bein på Peter I Øy i Antarktis.

Virke[endre | endre wikiteksten]

I 1918 vart Olstad tilsett ved Zoologisk museum i Oslo der han først arbeidde i den statlege forsøksverskemda for ferskvassfiskeria under Knut Dahl.[2] Etter eit par år tok han opp studiar over lirypa i Øyer i Gudbrandsdalen, og vart tilknytt Landbruksdepartementet som jaktkonsulent.[3]

Statens viltundersøkelser (Viltforskninga, som i 1974 vart endra til Direktoratet for vilt og ferskvassfisk) vart frå oppstarten i 1936 leia av Olstad. Han var spesielt opptatt av utbreiinga og utnyttinga av elg, rådyr, villrein og bever og gav i 1945 ut boka Jaktzoologi. Han arbeidde òg med biologien hos artar som kråke, jordugle og gråtrost.[3]

Peter I Øy i Antarktis.

Olstad deltok i 1927/28 i den første Norvegia-ekspedisjonen til Bouvetøya og Sør-Georgia.[4] Sesongen etter leia han den andre Norvegia-ekspedisjonen til Peter I Øy i Amundsenhavet, utanfor Ellsworth Land i Vest-Antarktis. Olstad var den første i verda som sette bein på den avsidesliggande øya. Olstad gjorde krav på øya for kongeriket Noreg.[5]

Olstadbreen på Peter I Øy og OlstadtoppenAnnenkovøya i Søratlanteren er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy
  2. «Fiskeforskningen» (pdf). Historiske tilbakeblikk på vilt- og fiskeforvaltningen i Norge. Direktoratet for naturforvaltning. 1999. Henta 11. desember 2012. 
  3. 3,0 3,1 «Viltforskningens historie» (pdf). Historiske tilbakeblikk på vilt- og fiskeforvaltningen i Norge. Direktoratet for naturforvaltning. 1996. Henta 11. desember 2012. 
  4. «Norvegia I». Norsk polarhistorie. Henta 11. desember 2012. 
  5. «Norvegia II». Norsk polarhistorie. Henta 11. desember 2012.