Jordugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jordugle
Jordugle
Jordugle
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Jordugle
Utbreiinga av Jordugle
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Ugle Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Asio
Art: Jordugle A. flammeus
Vitskapleg namn
Asio flammeus

Jordugle (Asio flammeus) er ei ugle i gruppa Asio.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Jordugla har ei lengd på 34-42 cm og eit vengespenn på 90-105 cm. Ho veg 206-465 gram, har store auge, stort hovud, kort nakke og breie vengar. Hoa er litt større enn hannen. Jordugla er brunspetta med striper på vengar og stjert. Gul-oransje auge er omkransa av ein svart ring og utanfor der igjen er det ein kvitaktig ring, som gir inntrykk av ei maske. Jorduglene har korte øyretufsar, ofte så korte at dei ikkje synest. Hannane har ein låt som kan skrivast do-do-do-do. Hoene sin låt er tjerr-app.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Jordugla finst på alle kontinent unnateke Antarktis og Australia, slik sett er ho ein av dei fuglane som er mest utbreidd i verda. Ho hekkar i Europa, Asia, Nord- og Sør-Amerika, Karibia, Hawaii og Galapagosøyane. Ho er delvis ein trekkfugl som dreg sørover om vinteren frå den nordre delen av området ho er utbreidd i. Ho vender ikkje tilbake til same hekkeplassane, men flyttar seg til nye område om ho kan finne betre mat der.

Biotop, leveområde i Noreg og trekkvanar[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst jordugla spreidd over det meste av landet. I gode år kan det hekke 1000-10000 par her i landet, men på grunn av det nomadiske leveviset kan det vere langt færre par andre år. Tyngdepunktet for bestanden ligg i indre fjelltrakter frå Sylane i nord, gjennom Dovrefjell og sørover til Valdres. Egglegginga kan starte så tidleg som midt i april, men skjer som oftast i mai og fram til midten av juni. Hoa legg 3-4 egg, i gode smågnagarår opp til 12. På grunn av matvanane, dei leiter etter gnagarar som lever under snøen, reiser dei fleste jorduglene ut av landet i tida september-desember. Dei overvintrar lengre sør i Europa, og i Nord-Afrika. Jorduglene kjem attende til Noreg i mars-juni.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Jordugla jagar for det meste i skumringa eller om morgonen og er dermed meir aktiv om dagen enn dei fleste andre uglene. Ho fangar primært små gnagarar, spesielt gnagarar av markmusslekta, men kan også fange fuglar på storleik opp til ryper, fugleungar og andre smådyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er bygd på svensk wikipedia og på wikipedia på norsk bokmål, den 6. desember 2009.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.
  • Lars Larsson (2001) Birds of the World, CD-rom
  • Roland Staav og Thord Fransson (2000) Nordens fåglar – Stockholm. ISBN 91-518-3825-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Asio flammeus
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jordugle