Annenkovøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 54°29′S 37°5′W
Annenkovøya
øy
none Satellittbilete av øya
Satellittbilete av øya
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Øygruppe Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
Høgd 650 moh
Koordinatar 54°29′S 37°5′W
Lengd 6,5 km
Folketal Ingen
Annenkovøya is located in Antarktis
Annenkovøya (Antarktis)

Annenkovøya er ei øy vest for Sør-Georgia i det sørlege Atlanterhavet. Pickersgilløyane ligg sørvest for øya. Ho er 6,5 km lang og 650 meter høg og ligg 13 km sør for den sentrale kysten av Sør-Georgia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ho vart oppdaga i januar 1775 av ein britisk ekspedisjon under James Cook, som namngav ho Pickersgills Island etter løytnant Richard Pickersgill på ekspedisjonsskipet HMS «Resolution». Ho vart observert på ny i 1819 av ein russisk ekspedisjon under Fabian Gottlieb von Bellingshausen«Vostok», som trudde han var den første som oppdaga øya og kalla ho Annenkovøya etter løytnant Mikhail Annenkov, som var offiser på ekspedisjonsskipet. Namnet Pickersgill har vorte nytta om ei øygruppe 18 km mot søraust — sjå Pickersgilløyane.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Annenkov er ei av få rottefrie øyar i Sør-Georgia. Og som Bellinghausen klaga over så finst det ikkje spor av vegetasjon på øya.

500 par vandrealbatross hekkar her.

Det er berre lov å gå i land på øya med løyve.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Det høgaste punktet på Annenkov er Olstad Peak (54°29′S 37°5′W) med ei høgd på 650 moh. Olstad Peak vart kartlagd av South Georgia Survey i perioden 1951–57, og vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee etter Ola Olstad, ein norsk zoolog som var medlem av Norvegia-ekspeidsjonen under Harald Horntvedt, 1927–28, og sjefsforskar på den norske ekspedisjonen under Nils Larsen, 1928-29.

Det er ein av få stader i Sør-Georgia der det er funne fossil.

Intrusion Lake[endre | endre wikiteksten]

Intrusion Lake er ein innsjø som er 300 meter lang og som ligg nord-nordaust for Olstad Peak sentralt på Annenkovøya. Han vart kartlagd av British Antarctic Survey i 1972–73 og fekk dette namnet på grunn av forma hennar er danna av fleire intrusjonar av andesitt på nordsida av innsjøen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Stonehouse, B (ed.) Encyclopedia of Antarctica and the Southern Oceans (2002, ISBN 0-471-98665-8)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]