Olav Hoprekstad
Olav Hoprekstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. april 1875 Vik kommune |
Død |
19. august 1965 (90 år) |
Yrke | skribent, litteraturkritikar |
Språk | norsk |
Olav Hoprekstad (4. april 1875–16. august 1965) var ein norsk forfattar og skulemann, fødd i Vik i Sogn og busett mesteparten av livet i Bergen.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Etter eit år på Sogndal Folkehøgskule gjekk han i 1893 over fjellet og begynte på Hamar lærerskole. Etter eksamen var han lærar på øvingsskulen ved Notodden lærerskole. Deretter kom han til Kristiansand, der han var lærar i folkeskulen eit år. I 1899 begynte han som lærar i Bergen. Han vart overlærar ved Møhlenpris skole i 1927 og frå 1939 til han gjekk av med pensjon i 1946 var han på Fridalen skole. Under krigen var han med og bygde opp lærarfronten i Bergen og på Vestlandet. Hoprekstad var den fyrste formannen i Bondeungdslaget Ervingen då det vart skipa i 1900. Han var vidare styremedlem i Noregs Lærarlag 1917–1945 og Det Norske Teatret 1948–1963 og formann i Norsk Bokmannslag frå 1917-30.
Hoprekstad var fast teater- og litteraturkritiker i Bergens Tidende 1913–40 og i Gula Tidend 1949–65.
Verv
[endre | endre wikiteksten]- Bergen skolestyre, først i seks år som tillitsmann for lærarane, deretter 1929–45 vald av Venstre.
- Formann for Vestlandske lærarstemna 1910–47 og
- Styremedlem i Norsk Lærerlag 1917–46.
- Første formann i bondeungdomslaget Ervingen fra 1900
- Medstiftar i Vestlandske mållag 1904, og vart også vald inn i styret der, varaformann 1932–48.
- Mange år i styret for Noregs Mållag.
- Formann i Norsk Bokmannslag frå 1917–30,
- Styremedlem for Det Norske Teatret i mange år.
Heider
[endre | endre wikiteksten]- Kongens fortjenstmedalje i gull
- Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1963
- Æresmedlem i Bergen Ungdomslag Ervingen
- Æresmedlem i Bergen Lærerlag
- Æresmedlem i Norsk Lærerlag
- Æresmedlem i Vestlandske lærarstemna
- Æresmedlem i Noregs Mållag
- Æresmedlem i Vestlandske Mållag
- Æresmedlem i Vestmannalaget
Verk
[endre | endre wikiteksten]Olav Hoprekstad var svært interessert i litteratur og teater. Han gav ut fleire historiske skrifter, bl.a. «Frå lærarstriden» (1946) og «Fattigskule og lærarstand i Bergen» (1951). Skodespela fokuserte ofte på vestnorsk bygdemiljø og kamp mot danske embetsmenn. Skodepela hans har vore framførte på Den Nationale Scene og Komedia-teatret i Bergen og på Det Norske Teatret, men mest har dei blitt spela av amatørgrupper i ungdomslag.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1907 – Bjørnefjell : spel i fire vendingar (Kristiania: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no
- 1910 – Friarar : bygdekomedie i tri vendingar (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1912 – Ingemaar Kvist (Oslo: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1912 – Fridtjov og Ingebjørg (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1914 – Til frender fraa Sogn : festskrift utgjeve av Sogns ungdomslag til stemna i Sogndal 2. august 1914 (Bergen) I fulltekst ved nb.no
- 1915 – Eli Sjo : spel i tri vendingar (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1915 – Havbaara : spel i tri vendingar (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1917 – Eventyrgarden : lystspel i tri vendingar (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1918 – Folkeviljen : eit val i ei vending (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1918 – Stambanen mellem Vestlandsfjordene (Stavanger) I fulltekst ved nb.no
- 1920 – Bjørgedal : skodespel i tri vendingar (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1921 – Vestlandshus : med 19 illustrationer (Bergen: Grieg) I fulltekst ved nb.no [Forfattarar: Hans E. Kinck, Olav Hoprekstad]
- 1923 – Kallen og kona paa Sandvoll : komedie i ei vending (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1923 – Spele um Else Linborg (Kristiania: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1925 – Trollebotn : spel i fire vendingar (Oslo: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1930 – Ei ferd til Sogn (Oslo: Cappelen) I fulltekst ved nb.no
- 1932 – Notabasen : ei samkoma (Oslo: Norli) I fulltekst ved nb.no
- 1938 – Sogn : landet og folket (Bergen: Lunde) [https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2015063008159
r I fulltekst ved nb.no]
- 1940 – Berse på Strondi : spel um ein einsam mann (Bergen: Norsk Bokreidingslag) I fulltekst ved nb.no
- 1941 – Grannelag : spel i tvo bolkar (Bergen: Norsk Bokreidingslag) I fulltekst ved nb.no
- 1943 – Tvo gjentor og ein gut : spel i tri vendingar (Oslo: Fonna) I fulltekst ved nb.no
- 1945 – Noreg (Oslo: Cappelen) I fulltekst ved nb.no
- 1946 – Frå lærarstriden (Bergen: Eide) I fulltekst ved nb.no
- 1951 – Bygdabok for Vik i Sogn. 1 (Vik: Vik kommune) I fulltekst ved nb.no [Skriftstyrar: Olav Hoprekstad]
- 1951 – Fatigskule, ålmugeskule og lærarstand i Bergen fram til 1889 (Bergen: Eide) I fulltekst ved nb.no
- 1953 – Døtrene på Bjarnastøl : spel i 3 vendingar (Oslo: Fonna) I fulltekst ved nb.no
- 1951 – Bygdabok for Vik i Sogn. 2 (Vik: Vik kommune) I fulltekst ved nb.no [Skriftstyrar: Olav Hoprekstad]
- 1957 – Bygdabok for Vik i Sogn. 3. 1. halvband (Vik: Vik kommune) I fulltekst ved nb.no [Skriftstyrar Olav Hoprekstad]
- 1958 – Bygdabok for Vik i Sogn. 3. 2. halvband (Vik: Vik kommune) I fulltekst ved nb.no [Skriftstyrar Olav Hoprekstad]
- 1960 – Bergen folkeskule 1890-1911 (Bergen: Eide) I fulltekst ved nb.no
- 1961 – Vestlandske lærarstemna 1861-1961 (Bergen: styret for Vestlandske lærarstemna) I fulltekst ved nb.no
I tidsskrift - eit utval
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tidsskrift. Nummer 26. Utgjeve av Historielaget for Sogn. Dikting og diktarar frå Sogn. Ved Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik Kaupanger : Historielaget, 1978