Olav Paulson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Olav Paulson (20. september 182228. juni 1896) var ein norsk forfattar, lensmann og driftsleiar. Han er særleg kjend for å ha gjeve ut den første leseboka på nynorsk.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Olav Paulson var frå Moltu i HerøySunnmøre. Far hans var gardbrukar. Olav, døypt Ole, var evnerik og sjølvlært, han hadde berre nokre få veker med omgangsskule.

På 1840-talet fekk han plas på kontoret til sorenskrivaren for Søre Sunnmøre. Her var han til han vart lensmann i Bjørnør i Sør-Trøndelag i 1850 og seinare lensmann i Jølster 1855-1860.

I 1860 vart han vald av fylkestinget i Førde til å vera «ekspeditør», seinare kontorsjef, for Nordre Bergenhus amts dampskibselskab i Bergen. Den stillinga hadde han fram til han døydde.

Paulson var med i heradstyret for Jølster i to periodar, 1855-60. I Bergen sat han i bystyret i tre periodar, 1882-90, og var med i styret for Bergens Arbeiderforening. Han var og med i styret for Norsk avholdsselskab mod brændevinsdrik

Vestmannalaget vart skipa i 1868 kom han med der. I 1869 gav han ut Lesebok i landsmaalet. Det var den første leseboka på nynorsk. Slik skreiv han i føreordet til boka: «So lenge det danske maalet verd brukat i all skuleskipnaden paa landet, kunna me ikkje venta, at rett mange lærarar vilja bruka ei lesebok paa landsmaalet i skulen. Men daa me hava fenge ymse krav fraa landsfolket etter ei slik bok, so tenkte me, at ei høveleg lesebok alt no skulde vera velkomi paa landsbygdom. Me hava gjort oss umak med at laga denne boki so, at ho kunde høva til bruk fyre smaaborni, men mest havt den tanken med henne, at ho skulde verda til nytte fyre den vaksne ungdom og til hygge for hyslyden.»

Boka er både ei ABC-bok og ei samling lesestykke om ulike emne. Det er mykje omsette tekstar, og tekstar av Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Henrik Krohn, Kristofer Janson og Eirik Sommer, attåt nyskrivne tekstar av Paulson sjølv.

I 1882 gav han og Hans Mo ut Bibelsaga som var ei omsetjing av Volrath Vogts «Bibelhistorie med Lidt af Kirkens Historie». Han gav også ut småskrift om gudelege emne, og skreiv dikt og liknande i blad som For Bygd og By.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]