Olav Skjevesland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Skjevesland
Skjevesland 06.jpg
Fødd 31. mai 1942
Drøbak
Død

8. september 2019
Noreg

Yrke prest
Olav Skjevesland på Commons

Olav Skjevesland (fødd 31. mai 1942 i Drøbak, død 8. september 2019) var biskop i bispedømet Agder og Telemark i den norske kyrkja fra 1996 til han gjekk av med pensjon.

Skjevesland hadde teologisk utdanning frå Menighetsfakultetet i Oslo, og vart cand.theol. i 1967. Han hadde undervisingsstillingar og prestestillingar fram til han i 1998 vart utnemnd til biskop av Agder (frå 2005 kalla Agder og Telemark). Skjevesland etterfylgde Halvor Bergan som gjekk av 1. januar 1999.

Han var preses i bispemøtet frå 2006 til 2010.

Skjevesland tok praktisk-teologisk eksamen i 1969. Han hadde teneste som hjelpeprest i Nordstrand prestegjeld i Oslo (1968-72), underviste som lektor ved Det norske diakonhjem (1972-74), arbeidde som studiesekretær i Den norske kirkes presteforening (1973-75) då han også var stipendiat ved stiftinga «Kirkens Hus» (1974-75). Frå 1975-76 var Olav Skjevesland sokneprest i Kampen prestegjeld i hovudstaden, og deretter og fram til 1979 residerande kapellan i Nøtterøy prestegjeld i Tunsberg. Sidan var han tilknytt Menighetsfakultetet, som fakultetslektor ved det praktisk-teologiske seminar, seinare som rektor, og frå 1994 også som professor i praktisk teologi.