Ole Anderssen
| Ole Anderssen | |||
| Fødd | 1. april 1831 Bodø | ||
|---|---|---|---|
| Død | 18. desember 1913 (82 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Venstre | ||
| Yrke | lærar, politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Ole Andreas Syrenus Anderssen (1. april 1831–18. desember 1913) var ein lærar og stortingsmann frå Bodin i Nordland.
Far til Anderssen var husmann og fiskar. Sjølv byrja han som omgangsskulehaldar 1850-51, før han gjekk Tromsø seminar. Etter å ha vorte seminarist i 1853 var han i tre år lærar heime i Bodin. 1858 var han lærar i Hammerfest, året etter ved Alta koparverk. Frå 1861 var han lærar og kyrkjesongar i Beiarn. 1885-1911 var han kasserar for Nordlands medisinalfond, busette seg då på Hesnes i Bodin.
Anderssen var medlem av formannskapet i Beiarn 1869-84, ordførar 1879-84. Medlem av 1889-90 av formannskapet i Bodin og av forlikskommisjonen 1889-1910. Han var 5. representant frå Nordlands amt både perioden 1880-82 og 1883-85. I den fyrste perioden medlem av protokollkomiteen, i den siste av budsjettkomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Ole Anderssen ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør