Ole P. Schjølberg
Ole P. Schjølberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. juli 1811 Trondheim |
Død |
15. februar 1885 (73 år) |
Yrke | lensmann, politikar, bankkasserar |
Språk | norsk |
Ole Peter Schjølberg (24. juli 1811–15. februar 1885) var ein norsk lensmann, bankmann og stortingsmann frå Trondheim. Peter Rinnan var brorsonen hans.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Schjølberg var son til ein smedmeister. Sjølv vart han lensmann i Ibestad då han var 22 år gammal og sat i stillinga i 44 år. I tillegg var han frå 1838 til 1872 den fyrste kommunekasseraren i Ibestad. Frå 1843 til 1882 var han medlem av heradsstyret, og samstundes heile tida kasserar i den lokale sparebanken.
Schjølberg representerte Finnmarken og Troms på stortinga 1845, 1848, 1854, 1857 og 1865-66, samt det overordentlege storting 1858. Han var i 1845 medlem av justiskomite nr 2 og i 1848 sekretær i same komiteen. Frå 1854 til -66 var han medlem av Lagtinget når han hadde stortingsplass, i 1865-66 som sekretær. Dessutan var han i 1854 medlem av og i 1857 sekretær kyrkjekomiteen. Ved den siste tingsamlinga han tok del i, 1865-66, var han medlem av budsjettkomiteen.
Då han i 1882 sa frå seg posisjonane i Ibestad, flytta han til hovudstaden og døydde der tre år seinare.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Ole P. Schjølberg NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1811
- Døde i 1885
- Stortingsrepresentantar 1845-1847
- Stortingsrepresentantar 1848-1850
- Stortingsrepresentantar 1854-1856
- Stortingsrepresentantar 1857-1858
- Stortingsrepresentantar 1865-1867
- Stortingsrepresentantar for Finnmark
- Lokalpolitikarar i Ibestad
- Norske politifolk
- Folk frå Ibestad
- Folk frå Trondheim