Ole P. Schjølberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ole Peter Schjølberg)
Ole P. Schjølberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juli 1811
Trondheim
Død

15. februar 1885 (73 år)
Oslo

Yrke lensmann, politikar, bankkasserar
Språk norsk

Ole Peter Schjølberg (24. juli 181115. februar 1885) var ein norsk lensmann, bankmann og stortingsmann frå Trondheim. Peter Rinnan var brorsonen hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Schjølberg var son til ein smedmeister. Sjølv vart han lensmann i Ibestad då han var 22 år gammal og sat i stillinga i 44 år. I tillegg var han frå 1838 til 1872 den fyrste kommunekasseraren i Ibestad. Frå 1843 til 1882 var han medlem av heradsstyret, og samstundes heile tida kasserar i den lokale sparebanken.

Schjølberg representerte Finnmarken og Troms på stortinga 1845, 1848, 1854, 1857 og 1865-66, samt det overordentlege storting 1858. Han var i 1845 medlem av justiskomite nr 2 og i 1848 sekretær i same komiteen. Frå 1854 til -66 var han medlem av Lagtinget når han hadde stortingsplass, i 1865-66 som sekretær. Dessutan var han i 1854 medlem av og i 1857 sekretær kyrkjekomiteen. Ved den siste tingsamlinga han tok del i, 1865-66, var han medlem av budsjettkomiteen.

Då han i 1882 sa frå seg posisjonane i Ibestad, flytta han til hovudstaden og døydde der tre år seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]