Hopp til innhald

Norske departement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Departement er i Noreg ei nemning på det nivået i statsadministrasjonen som er lagt direkte inn under ein statsråd eller ein minister. Eit departement kan dekkja eitt eller fleire ulike fagområde. I andre land er regjeringsdepartementa ofte kalla ministerium. Alle departement har ein politisk leiar i regjeringa, ein statsråd eller minister, som har knytt til seg ein eller fleire statssekretærar og politiske rådgjevarar. Departementsråden er departementet sin øvste administrative leiar og er ikkje politisk vald. Under seg kan departementsråden ha til dømes ekspedisjonssjefar, avdelingsdirektørar, underdirektørar og byråsjefar. Eit departement har som si viktigaste oppgåve å gjera førebuande arbeid for regjeringa, iverksetting av vedtak, klage- og kontrollfunksjonar. Departementa har sjølvstendig avgjerdsmynde på ein del område. Eit departement kan ha lagt under seg ymse direktorat og andre statsetatar.

Norske departement

[endre | endre wikiteksten]

Særleg ved regjeringsskifte hender det at organiseringa av departement vert endra på. Departementsinndelinga etter stortingsvalet i 2005 er som nedanfor.

  1. Arbeids- og inkluderingsdepartementet
  2. Barne- og likestillingsdepartementet
  3. Finansdepartementet
  4. Fiskeri- og kystdepartementet
  5. Fornyings- og administrasjonsdepartementet
  6. Forsvarsdepartementet
  7. Helse- og omsorgsdepartementet
  8. Justis- og politidepartementet
  9. Kommunal- og regionaldepartementet
  10. Kultur- og kyrkjedepartementet
  11. Kunnskapsdepartementet
  12. Landbruks- og matdepartementet
  13. Miljøverndepartementet
  14. Nærings- og handelsdepartementet
  15. Olje- og energidepartementet
  16. Samferdsledepartementet
  17. Utanriksdepartementet

Nokre tidlegare departement

[endre | endre wikiteksten]
Namn Frå Til
Arbeids- og sosialdepartementetASD20042005
AdministrasjonsdepartementetAD19931996
ArbeidsdepartementetABD18851946
Arbeids- og administrasjonsdepartementetAAD19982004
Barne- og familiedepartementetBFD19912005
Departementet for familie og forbrukarsakerDFF19561972
Departementet for utviklingshjelpDUH19841989
Familie- og forbrukardepartementetFFD19901990
Fiskeridepartementet19462004
Forbruker- og administrasjonsdepartementetFAD19721989
Forsyningsdepartementet19391942
Forsynings- og gjenreisingsdepartementetFSD19421950
Handels-, sjøfarts- og industridepartementetHD19161947
Handelsdepartementet / Handels- og skipsfartsdepartementetHD19471987
HelsedepartementetHD20022004
Indredepartementet18461903
IndustridepartementetIND19471987
Kyrkje- og kulturdepartementetKKD19901990
Kyrkje- og undervisingsdepartementetKUD18141989
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementetKUF19912001
Kommunal- og arbeidsdepartementetKAD19481989
Kommunal- og arbeidsdepartementetKAD19931997
KommunaldepartementetKOM19901992
Kultur- og vitskapsdepartementetKVD19821989
KulturdepartementetKD19912001
Landbruksdepartementet19002004
Løns- og prisdepartementetLPD19551972
ModerniseringsdepartementetMOD20042006
Nærings- og energidepartementetNOE19931996
NæringsdepartementetND19881992
Olje- og energidepartementetOED19781992[1]
Planleggings- og samordningsdepartementetPSD19971997
SkipsfartsdepartementetSKD19421945
Social- og industridepartementet
SosialdepartementetSOS19131993
SosialdepartementetSOS20022004
Sosial- og helsedepartementetSHD19932001
Utdannings- og forskningsdepartementetUFD19901990
Utdannings- og forskningsdepartementetUFD20022006

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. Gjenopprettet i 1997