Olof Rudbeck d.e.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olof Rudbeck d.e., portrett av Martin Mijtens d.e. (1696)

Olof Rudbeck d.e., fødd januar 1630 i Västerås, død 17. september 1702, var ein svensk naturforskar og historikar; medisinsk professor i Uppsala. Han var son till biskopen i Västerås Johannes Rudbeckius (d.e.) og hans andre hustru Magdalena Hising. Han var far till Olof Rudbeck d.y..

Olof Rudbeck oppdaga allereie som 20-åring dei fine årene som inneheld lymfe; ei av dei første viktige naturvitskaplege oppdagingane i Sverige. Han fekk òg bygd ein botanisk hage ved Svartbäcken i Uppsala, gav ut ein katalog over vekstane i hagen, og fekk slik studentane ut i naturen. Han var ein inspirator for Carl von Linné.

Namnet hans er òg knytt til hans forherleggjering og fantasifulle skildring av Sveriges stordomstid i verket Atlantica. Her søker han ved hjelp av fantasifull etymologi og samanblanding av soge og historisk kunnskap å prove at Sverige var det første dyrka landet i verda, «Platos sagoland, Atlantis -- den västerländska, jafetiska kulturens vagga», gudanes bustad og opphavet til alle store folkeslag. Rudbeck var ein av dei fremste forkjemparane for dette historiesynet, som svenskane kallar göticism.


Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen byggjer på ei omsetjing av innleiinga på tilsvarande artikkel på svensk wikipedia.

På nettet:[endre | endre wikiteksten]