Johan Fritzner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Fritzner
Johan Fritzner.jpg
Fødd9. april 1812
Død10. desember 1893
NasjonalitetNoreg
Yrkeprest

Johan Fritzner (9. april 181210. desember 1893) var ein norsk prest og leksikograf.

Johan Fritzner vart fødd på garden Myra på Askøy som son av tollbetjent Werner Fritzner og Cecilie Cathrine Christie. 16 år gammal vart han student ved Christiania Universitet der han studerte teologi. På reisene mellom Bergen og Kristiania samla han folkeskikkar, segner og eventyr, og gjorde mange observasjonar av det levande folkespråket. Han fann tidleg ut at dei norske dialektane var den levande utvikling av det same språket som han kjende frå den gamle islandsk-norske litteraturen.

Etter å ha tatt teologisk eksamen i juni 1832 heldt Fritzner fram å studere enno i to og et halvt år før han i 1835 vart tilsett som adjunkt og religionslærar ved Bergens Kathedralskole. Samstundes studerte han det gamle norske språket.

Etter tre år i Bergen vart han i oktober 1838 utnemnd til sokneprest i Vadsø. No var hovudmålet hans å studere samisk og finsk blant finnmarkingane. Han heldt snart sine første preiker for samar og kvenar på samisk og finsk. Fritzners første trykte arbeid var ein kritikk av Stockfleths Grammatikk i det lappiske Sprog, skriven i Vadsø 1845.

Fritzner vart 1841 prost i Øst-Finmarkens prosti, i 1845 sokneprest i Lier, i 1848 i Vanse og 1862 i Tjølling.

Etter at Fritzner 65 år gammal tok avskil som prest, tok han fatt på arbeidet med å utvide ei gammalnorsk ordbok som han hadde gjeve ut tidlegare. Samstundes arbeidde han med å publisere dei store kulturhistoriske samlingane sine. Av regjeringa vart han frå 1877 innvilga ein pensjon på 3600 kroner.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Ordbog over det gamle norske Sprog

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Gustav Storm: «Nekrolog over Johan Fritzner», i Arkiv för nordisk filologi, sjätte bandet, 1894

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]