One Fine Day

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
One Fine Day
Singel av The Chiffons
frå albumet One Fine Day
B-side «Why Am I So Shy»
Utgjeve Mai 1963
Sjanger Pop
Lengd 2:07
Selskap Laurie Records
Låtskrivar(ar) Carole King, Gerry Goffin
Produsent the Tokens
The Chiffons-kronologi
«Lucky Me»
(1963)
One Fine Day «A Love So Fine»
(1963)


«One Fine Day» er ein popsong av låtskrivarane Gerry Goffin og Carole King som vart ein hit sommaren 1963 for jentegroup The Chiffons og sidan har blitt spelt inn av mange andre artistar.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Goffin og King var inspirert av tittelen til arien Un bel di vedremo frå Puccini-operaen Madama Butterfly. Han var meint som ein song for Little Eva og «One Fine Day» vart førebudd av som ein demo av Goffin og King med King på vokal. Trass i eit drivande pianoriff av King, klarte ikkje Goffin og King å lage eit brukande arrangement og gav til slutt opp. Dei gav då songen til produksjonslaget the Tokens som nyleg hadde hatt ein stor hit med «He's So Fine» for the Chiffons. Pianoet til King vart nytta for the Chiffons si innspeling, men resten var ei radikal omarbeiding av demoversjonen til Goffin og King for the Chiffons.[1]

«One Fine Day» av the Chiffons nådde femteplassen på Billboard Hot 100 og sjetteplassen på R&B-lista. Singelenv art ein internasjonal hit og nådde 29. plassen på singellista i Storbritannia,[2] 18. plassen i Frankrike,[3] og sjetteplassen i New Zealand.[4]

The Chiffons sin versjon av «One Fine Day» vart rangert på 460. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2004.[5]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

One Fine Day
Singel av Carole King
frå albumet Pearls: Songs of Goffin and King
B-side «Recipients of History»
Utgjeve Mai 1980
Sjanger Pop
Lengd 2:30
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Carole King, Gerry Goffin
Produsent Carole King, Mark Hallman
Carole King-kronologi
«Time Gone By»
(1979)
One Fine Day «Oh No Not My Baby»
(1980)


Carole King sjølv spelte inn songen sin sommaren 1980, og denne nådde då 12. plassen på Billboard Hot 100. Songen vart òg gjeven ut på albumet Pearls: Songs of Goffin and King, som hovudsakleg bestod av gamle popklassikarar ho hadde skrive i lag med Gerry Goffin.

Andre artistar som har spelt inn songen er Jacky Moulière (som «Un beau jour», 20. plass i Frankrike), The Mindbenders, Ken Sparkes (86. plass i Australia), Rita Coolidge (66. plass i USA), Sandy Posey, Susie Allanson (album Heart to Heart/ 1979), the Carpenters (Now and Then/ 1973), Liane Carroll (album Slow Down/ 2007), Bo Donaldson and the Heywoods (album Special Someone/ 1972), Doris (album Svenssons Doris!/ 1969), Even in Blackouts (album Zeitgeit's Echo/ 2005), Jimmy Fontana («Una Sola» italiensk: album Jimmy Fontana/ 1963), the Fouryo's («Op Een Dag» nederlandsk/ 1963), Kids Incorporated, David Lasley (1973), Rachael MacFarlane (album Hayley Sings/ 2012), Natalie Merchant (filmen One Fine Day), Bette Midler (album It's the Girls!/ 2014), the Mountain Goats, Aaron Neville, the Nylons (album 4 On The Floor - Live In Concert/ 1991), Cliff Richard (album Don't Stop Me Now!/ 1966), S Club Juniors (album Together/ 2002) og Helena Vondráčková («První krásný den» tsjekkisk/ 1970).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Emerson, Ken (2005). Always Magic in the Air: The Bomp and Brilliance of the Brill Building Era. New York, New York: Viking. s. 190. ISBN 0-670-03456-8. 
  2. Chart Stats – Chiffons – One Fine Day, from www.chartstats.com; retrieved 2009-06-29
  3. InfoDisc: «C"
  4. Lever Hit Parade 1963
  5. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. Henta 7. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]