Operasjon Paravane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Britisk Avro Lancaster-fly over Kåfjorden under Operasjon Paravane.

Operasjon Para,vane (Operation Paravane) var eit britisk åtak den 15. september 1944 mot det tyske slagskipet «Tirpitz» medan det låg ankra opp i Kåfjorden, ein sidefjord til Altafjorden i Finnmark. «Tirpitz» var ein trussel mot Murmansk-konvoiane, som frakta livsviktige forsyningar til Sovjetunionen. Åtaket kom frå RAF Bomber Command.

To skvadronar britiske Lancaster-bombefly frå ein britisk base flaug via ein flyplass i Murmansk og angreip «Tirpitz», som fekk eit enkelt treff i skipet. Dette gav ein slik skade at skipet ikkje kunne gå for eiga maskin og måtte slepast til Tromsø, der det etter fleire nye forsøk frå RAF, vart senka under Operasjon Catechism nokre veker seinare.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Tirpitz» var systerskipet til slagskipet «Bismarck» på 42 900 tonn, bestykka med åtte 38 cm (15 inches) kanonar. Den tyske Kriegsmarine skulle bruka det til å senka handelsskip i Nordatlanterhavet, men tapet av «Bismarck» og hjelpekryssarar førte til at det berre skulle brukast i avgrensa utstrekking. Tidleg i 1942 vart «Tirpitz» send til Nord-Noreg og vart verande der resten av krigen. Skipet lå for det meste i Kåfjord, ein sidefjord til Altafjorden. Det deltok mest i ein flåte som var ein trussel mot Murmansk-konvoiane og la beslag på tre britiske krigsskip som måtte eskorterte konvoiane. Desse skipa var hardt trengde andre stadar.[1]

Slagplanar[endre | endre wikiteksten]

Operasjonen vart planlagd av flymarskalk Ralph Cochranee og leia av James Brian «Willie» Tait, som var kjent frå leiinga av «Dambuster-skvadronane», ein elitestyrke som utførte presisjonsbombing med lancasterfly, utstyrt med automatisk bombesikte og Tallboy-bomber og ein Mosquito for vêrobservasjonar.

«Tirpitz» låg utanfor rekkjevidda til ein lancaster frå basar i England. Dei måtte difor fly frå basen i Lincolnshire til Lossiemouth i Skottland, tanka opp og så fly til ein russisk flyplass, Jagodnik nær Arkhangelsk, 1 000 km (600 miles) frå Kåfjord.[2]

Den tyske krigsmarinen stolte på at «Tirpitz» var verna der det låg i ein trong fjord og med eit omfattande anlegg for røyklegging og tåkelegging av fjorden. Ein vannleidning var lagd rundt fjorden og ein kunne oppnå røyklegging nærast ved å opna ei kran og få heile fjorden dekt til av røyk i løpet av åtte minutt.[3] Det var òg antiluftskyts på stranda, i tillegg til skipet sine eigne luftvernskanonar.

Bombinga[endre | endre wikiteksten]

Trettiåtte lncasterfly forlét Lossiemouth den 11. september 1944.[4][5] Dei vart nøydde til å returnera til basen, og etter elleve timar i lufta då dei nærma seg flyplassen Jagodnik ved Arkhangelsk var flyplassen heilt skjult i regn og lågt skydekke, så 13 av flya fann ikkje fram til flyplassen.[6] Med russisk hjelp vart dei lokaliserte, mannskapet berga og sameint med resten, men seks fly som hadde landa i myrområda kunne ikkje reddast .[6]

«Tirpitz» oppankra i Altafjorden

Regnvêr sette inn og besetningane måtte venta. Den 15. september fekk dei rapport om at det var skyfritt over Altafjorden, og 28 lancasterfly flaug ut over Kvitsjøen. Av dei 28 flya hadde tjue kvar ei tallboybombe på fem tonn. Sju frakta 400-500 pund «Johnny Walker»-miner, berekna på bruk mot skip i grunt vatn, og det siste var for foto og rekognosering.

Så snart Altafjorden var innan rekkjevidd vart skipet røyklagt. Berre Tait i leiarflyet fekk i ein augneblunk sjå ei mast på «Tirpitz» før det forsvann i røyken, og bombeskyttaren hans, Danny Daniels, måtte droppa bombene som best han kunne, med på gissing.[7] Andre skyttarar kasta lysgranater ut i røykteppet, og ein slapp bombar der «Tirpitz» sist var sett. Andre bomba ved å fly under røykteppet og brukte det intense lyset frå lysgranatane til skipet som ei rettesnor. Eit fly fekk ikkje utløyst sin tallboy. Eit anna hadde besetning som hadde delteke i 29 tidlegare tokt, og gjorde fire rundar over målet før dei sette kursen tilbake til basen.[8] Besetning som enno ikkje hadde sloppe si bombe ville halda fram, men vart hindra av det dårlege vêret og dei returnerte heim. Eit av flya nådde ikkje Lossiemouth. Det vart anteke at det hadde floge inn i eit fjell einkvan stad i Noreg. Elleve menn omkom,[4] inklusive fire frå eit anna fly.[7]

Resultat og konklusjon[endre | endre wikiteksten]

«Tirpitz» låg hjelpelaust med hol i baugen frå ei tallboybombe som hadde treft 15 meter bak baugen, skore seg gjennom lugarane utan å detonera, og gått ut under vasslinja på styrbord side før ho eksploderte.[9][10] Denne eksplosjonen under vasslinja, nær skroget — så vel som frå dei andre fem-tonns-tallboyane som detonerte like ved skipssida — forårsaka alvorlege ristingar og skader overalt, men spesielt alvorleg var det at motorane var sette ut av spel.[4]

Sjølv om skipet framleis var flytande, var holet i baugen og skadane på motorane så alvorlege at det ikkje kunne gå for eiga maskin og måtte slepast baklengs til ein passande stor tørrdokk for reparasjonar. Sidan tørrdokken i Normandie var bomba under angrepet mot Saint-Nazaire (Operasjon Chariot) — utført av RAF, truleg med denne eventualiteten for auget - var det ikkje lenger nokon tørrdokk på tyske hender langs Atlanterhavet som var stor nok til å romma «Tirpitz», og eit forsøk på å slepa skipet til Kiel eller Wilhelmshaven ved å kryssa Nordsjøen med slepebåtfart og med fare for å møta både Home Fleet og RAF ville vera reine sjølvmordet.

I ein tysk rapport som vart kjent etter krigen fekk ein vita konklusjonen til Kriegsmarine: Det vart konkludert med av øvstkommanderande at med «Tirpitz» var det ikkje lenger mogleg å gjera skipet kampklart til aktiv sjøteneste igjen. Tyskarane hadde planar om å slepa det sørover til Tromsø for å bruka det som flåtebatteri for å forsvara Noreg i eit forventa britisk angrep. Det vart slept til ein sandbanke ved Håkøya, der kjølen vart stødd opp med sand i eit forsøk på å halda kanonane over vassflata viss skipet vart angripe på nytt. Dette kunne likevel ikkje hindra at det kapseisa etter skadar frå nye angrep, no som det var innan rekkjevidd frå bombefly i Skottland.

Britane var ikkje klår over kor alvorleg dei hadde skadd og gjort «Tirpitz» ubrukeleg, og dei heldt fram angrep som no kunne utførast direkte frå Lossiemouth. «Tirpitz» fekk ingen alvorlege skadar etter det nye angrepet med kodenamnet Operation Obviate på grunn av eit skydekke som dekte skipet like før angrepet, men det vart gjennombora og øydelagt av fleire tallboyar under Operation Catechism den 12. november 1944, som sette det endelege punktum då krutlageret eksploderte, skipet kantra og over halvparten av mannskapet vart drepne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brickhill, Paul (1954), The Dam Busters, Pan Books, s. 210
  2. Brickhill, s. 211
  3. "Group Captain Willie Tait – Obituary", The Times (London), 2007-09-13
  4. 4,0 4,1 4,2 "Campaign Diary" Arkivert 14. mars 2008 på Wayback Machine.Wayback MachineArkivert 14. mars 2008 på Wayback Machine., Royal Air Force Bomber Command 60th Anniversary (UK Crown), retrieved 2008-02-20
  5. IX Squadron Operations Book
  6. 6,0 6,1 Brickhill, s. 212-213
  7. 7,0 7,1 Brickhill, p. 216
  8. Log book of Sgt.
  9. Asmunsen, J. "Operation Paravane". http://www.bismarck-class.dk/tirpitz/history/tiroperparavane.html
  10. Brickhill, p. 218

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]