De Havilland DH 98 Mosquito

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


De Havilland DH 98 Mosquito

De Havilland DH 98 Mosquito var eit britisk angrepsfly som vart utvikla av de Havilland i 1940. Den britiske luftgeneralen Sir Wilfrid Freeman vart så imponert over flyet at han bestilte 50 eksemplar medan flyet enno berre vart på tegnebrettet. Noko av det som gjorde flyet relativt unikt, var blant anna at det vart laga av tre som stort sett var lima saman. I starten vart dette set på som eit steg tilbake i flykonstruksjon, men det vart etter kvart godteke og den lavde produksjonsprisen gjorde det endå meir populært i den britiske luftkommandoen. Eit ankepunkt var at flyet ikkje hadde nokon defensiv bevæpning, men berre satsa på sin høge fart for å unnslippe fiendtlige jagarfly. Detta viste seg å vera effektivt, og flyet vart ein stor suksess.

Flyet utmerkte seg både i rollen som lett bombar og som jagarfly blant anna på grunn av at det ikkje trong jagerstøtte og at det hadde lang rekkjevidd. Som jagarfly hadde Mosquitoene ein bevæpning på fire .303 Browning maskingevær og fire Hispano 20 mm maskinkanonar i nesa. Det vart utover i krigsåra utvikla fleire variantar av flyet som var spesielt tilpassa ulike oppgåver. Nokon av dei siste variantane kunne bera med seg bombelast på 1 800 kg frå Storbritannia til Berlin og attende, noko som var halvparten så mykje som ein stor B-24 Liberator kunne bera. Det er rekna ut at Mosquito kunne fly med denne bombelasten til Berlin, sleppa bombelasten, returnera til Storbritannia og ta inn ny bombelast og drivstoff for så å fly til Berlin og sleppa denne bombelasten, på den same tida det tok Stirling (Bombar Commands treigaste bombefly) å levera éin bombelast. Mosquitoen trong ein femtedel av det mannskapet ein B-24 trong og hadde heller ikkje bruk for jagerstøtte. Flyet hadde òg sina svake sider, men er av fleste regnet som eit av dei beste allierte kampfly under krigen.

Det var Mosquito bombefly som vart brukt under angrepet mot Gestapos hovudkvarter i Oslo, Victoria terrasse den 31. desember 1944 då eit trikk på Drammensveien vart ramma. 78 nordmenn, og 27 tyskarar omkom i angrepet.[1]

Den norske 334 skvadron som vart oppretta i Storbritannia under andre verdskrig, vart utstyrt med Mosquito jagerbombere.

Spesifikasjonar (B Mk.IV Srs 2)[endre | endre wikiteksten]

Dei Havilland Mosquito Mk.19
Tekniske data
Mannskap 2
Lengd 12,47 [[m{]]
Vengespenn 16,51 m
Høgd 4,65 m
Vingeareal 42,18
Vekt (utan last) 6 490 kg
Vekt (maksimalt) 10 160 kg
Motor 2 × Rolls-Royce Merlin 21 (2 × 1 480 hk )

Ytingar
Maksimal fart 549 km/t
Rekkjevidd 1 786 km
Marsjhøgde 8 230 m
Klatrefart 9,5 m/s

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Disse omkom i angrepet i 1944»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Birtles, Philip. de Havilland Mosquito: The Original Multirole Combat Aircraft. Stroud, England: Fonthill Media, 2017. ISBN 978-1-78155-494-4.

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]