Ornette Coleman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ornette Coleman, moers festival 2011
Ornette Coleman på Enjoy Jazz Festival, Heidelberg, oktober 2008

Ornette Coleman (fødd 9. mars 1930) er ein amerikansk jazzmusikar og komponist som hovudsakleg spelar altsaksofon, i blant òg tenorsaksofon, trompet og fele. Han blir rekna som ein pionér innan frijazzen.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Coleman blei fødd og voks opp i Fort Worth, Texas. Han lærde seg på eiga hand å spele saksofon og lese noter. 19 år gamal reiste han vekk for å bryte ut av armoda og rasediskrimineringa i Sørstatane. Han slo seg fram med småjobbar, blant anna som heisoperatør, i Los Angeles og studerte samstundes harmonilære og musikkteori. Her utvikla han sitt musikalske konsept basert på logikk og matematikk og fann medspelarar i Don Cherry (tp), Bobby Bradford (tp), Walter Norris (p), Ed Blackwell (dr), Billy Higgins (dr) og Charlie Haden (b). Dei to sist nemnde blei han kjent med i gruppa til Paul Bley (p). Bley gjekk etter kvart ut av bandet og namnet blei endra til Ornette Coleman Quartet.

Kvartetten fekk spelejobbar på små klubbar i Los Angeles. Den første platekontakten kom som resultat av rein slump: eit plateselskap som hadde kjøpt eit arrangement av Coleman fann ikkje nokon annan som klarte å spele musikken. Ved hjelp av John Lewis som mellommann gjekk Colemann til Atlantic Records i 1959. Eit engasjement ved den vidkjende klubben Five Spot i New York i 1959 følgde, og frå nå av var Ornette Coleman Quartett eit akta namn i jazz-kretsar.

Saman med Eric Dolphy (bassklarinett), Don Cherry (kornett), Freddie Hubbard (trompet), Scott LaFaro (bass), Charlie Haden (bass), Billy Higgins (slagverk) og Ed Blackwell (slagverk) – det vil seie ein dobbeltkvartett – spelte Coleman i 1960 inn sitt truleg mest kjente album Free Jazz: A Collective Improvisation. Dette albumet blei vegvisande for utviklinga av atonal avantgardjazz. I 1960-åra lærte Coleman å spele trompet og fele såpass at han kunne bruke desse instrumenta til klangfargeeffektar. Frå tidleg 1960-tal komponerte han òg verk for kammermusikkensemble og frå 1967 fleire symfoniske verk for større ensemble (Skies of America, 1972).

Med utgangspunkt i frijazzen utvikla Ornette Coleman frå 1970-åra eit system han kalla harmolodikk.[1] Til skilnad frå i modalt spel[2] improviserar musikarane over lineære intervallserier. Frå midten av 1970-talet blei Coleman, spesielt med bandet Prime Time, til ein pionér innan Free funk ved å kombinere det harmolodiske systemet med rytmar frå rocken og sfæriske klangar. Han kom med fleire plater med Prime Time i 1980-åra, men òg med den klassiske kvartetten sin.

Midt på 1990-talet var Coleman særs aktiv: han gav ut fire album i 1995 og 1996, og for første gong på mange år spelte han jamnleg med pianistar (anten Geri Allen eller Joachim Kühn).

I 2002 og 2003 gjorde Ornette Coleman avstikkarar til rockemusikken og medverka på Lou Reed sitt arbeid med diktet The Raven (av Edgar Allan Poe) og på Eddy Grant sitt album Hearts & Diamonds. Tidlegare hadde han vore med på produksjonar av Yoko Ono, Claude Nougaro, Jamaaladeen Tacuma og Joe Henry.

Ved sida av musikk er Coleman interessert i vitskapelege tema frå fysikk, matematikk og kjemi. Saman med si tidlegare kone, poeten og performancekunstaren Jayne Cortez, har han sonen Denardo Coleman som er jazztrommis og som har spelt på mange av faren sine album frå 1966.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Peter Niklas Wilson (1989) Ornette Coleman. Sein Leben, seine Musik, seine Schallplatten – Oreos, Waakirchen.
  • John Litweiler (1992) Ornette Coleman: A Harmolodic Life – William Morrow and Company, New York.
  • Steve Day (2000) Ornette Coleman - Music Always – Soundworld.
  • Christian Broecking (2010) Ornette Coleman - Klang der Freiheit – Creative People Books / Broecking forlag.
  • Martin Kunzler (2005) Jazz-Lexikon – Directmedia, Berlin.
  • A. B. Spellman (1966) Four Jazz Lives – University of Michigan Press [Ny utgåve av Four Lives in the Bebop Business, Pantheon].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ornette Coleman
Artiklar