Oslo Kunstforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bygningen Rådmannsgården, òg kalla Garnisonssjukehuset, som har hysa Oslo Kunstforening frå 1937.
Foto: Istvan Virag

Oslo Kunstforening er ei kunstforeining som driv eit galleri for samtidskunst i Rådhusgata 19 i Oslo, ein bygning frå fyrste halvparten av 1600-talet, og den eldste av bygningane som er teke vare på frå Christiania. Kunstforeininga hadde tidlegare lokale i St. Olavs plass 5 i Oslo frå 1882, saman med Kunstindustrimuseet fram til 1904, og har hatt dei noverande lokala i Rådhusgata frå 1937.

Kunstforeininga vart skipa i 1836 av diktaren J.S. Welhaven, bokhandlaren Johan Dahl og juristen og politikaren Frederik Stang. Førebileta var Københavns Kunstforening frå 1820-talet, Kunstverein i Dresden frå 1828, og Düsseldorf frå 1829, og meininga var at det kunstinteresserte publikum skulle vere med på å syte for at det vart ein fast utstillingsstad for biletkunst i Noreg. Dette gjekk føre seg eit par år før det vart vedteke å etablere Nasjonalgalleriet. Eit fast galleri som vart skipa i 1849, vart i hovudsak overteke av Nasjonalgalleriet seinare.

Foreininga er ein ikkje-kommersiell medlemsorganisasjon, og er den eldste kunstinstitusjonen og medlemsorganisasjonen i norsk kulturliv. Hovudmålet er å stø norske kunstnarar, og å presentere internasjonale kunstnarar for fyrste gong i Noreg. Frå 1986 har kunstforeining delt ut årlege kunststipend med stønad frå dåverande Sparebanken Oslo og Akershus, og i 2008 tok Sparebankstiftelsen DNB i samarbeid med Oslo Kunstforening til å dele ut stipend til ein utvald kunstnar etter ein kunstfagleg juryering. Foreininga mottek elles økonomisk stønad til drifta frå Oslo kommune og Kulturrådet.

Då kunstforeininga ser det som ein del av sitt oppdrag å bidra til at norske og internasjonale kunstnarar vert ålment kjende, arbeider foreininga kontinuerleg med at kunstnarar som er aktuelle i foreininga sitt utstillingsprogram vert skrivne inn i Wikipedia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]